Gløymde og gøymde kulturskattar frå Sognefjorden

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gløymde og gøymde kulturskattar frå Sognefjorden

Skulpturkunst i mellomalderen og glasmaleriet frå 1500-talet

Data frå den norske mellomalderen viser at bygda sin kunst primært  var knytt til kyrkjekulturen i fleire hundre år. Bibelsk bodskap var  formidla gjennom arkitektur, dekor og utsmykking i det organisasjonsnettverket som vart etablert etter innføringa av kristendommen. Mellomalderen har sin skulpturkunst. Nokre århundre seinare gjorde glaskunsten sitt inntog. I Noreg utvikla denne glaskunsten seg frå 1500-talet.

Kunstutsmykking i det offentlege rom har vel liten prioritet i samtida, iallfall i små bygdesamfunn. Bortsett frå enkelte framstøyt med å få på plass ein skulptur i dei enkelte bygdelag. Av nyare skulpturar i midtre Sogn er det vel berre «Hanen» på Hanahaug  og «Gjest Bårdsen» i Sogndalsfjøra som er av nyare dato. På Vangsnes er den over 107 år gamle  Fridtjovstatua, sjølvsagt.

St. Olav frå Fresvik kyrkje

Det er likevel ein del kunstskattar av historisk karakter som er knytt til området i midtre Sogn, men som ikkje har vore allment kjent. Her kan ein nemna mangfaldet i kyrkjekunsten. Dei siste par åra har «Hovemadonnaen» fått merksemd i Vik. Dette klenodiet som er tatt vare på ved Bergen museum, kjem snart tilbake som kopi. Museet i Vestlandshovudstaden rommar dessutan det kjente «Leikangerkrusifikset». Det kjem frå Rinde stavkyrkje. Krusifikset er ein del av presentasjonen i avdeling for kyrkjekunst ved Historisk museum i Bergen. Kopi heng i Leikanger kyrkje, etter rehabilitering av kyrkja på 1960-talet. Data viser at krusifikset har sitt opphav i Feios. Nok ein viktig skulptur frå sørsida av Sognefjorden har stor kunsthistorisk verdi, skulpturen av St. Olav.  Så dukka overraskande opp ein madonnafigur frå same staden – utruleg interessant.  

Utover 1800-talet gjekk eit framsynt fagmiljø  både i Bergen og Oslo, mellom anna professor i kunsthistorie Lorentz Dietrichson, Georg Andreas Bull og Peter Andreas Blix, inn for å ta vare på dette materialet. Dei  samla inn, og sytte for at  ein del av kunstverka i Sogn frå mellomalderen og framover har vorte tatt vare på. På 1800-talet stod nasjonsbygginga sentralt og dette fagmiljøet såg den historiske verdien som  kyrkjekunsten representerer utover bygdene i midtre Sogn. «Leikangerkrusifikset» med opphav i Feios er tidlegare omtalt i det lokalhistoriske bladet Pridlao. Litt lenger innover fjorden ligg Fresvik. Der var det eit rikt miljø for kyrkjekunst. Nokre hundreår seinare kom glaskunsten som gjorde sitt inntog på bygda òg. To glasmåleri frå Feios datert til 1600-talet er interessante klenodier innan kyrkjekunsten frå dette geografiske området.

St. Olav frå Fresvik

Trefiguren eller skulpturen er av eik, og høgda er 155 cm, breidda er 65 cm og han er 52 cm djup. Dette kunstverket frå mellomalderen er tidfesta til 1250 og kjem frå Fresvik kyrkjestad. I dokumentasjonen er nemnt garden Skau. Det kom til Nordiska museet etter innsamlinga som gjekk føre seg i Norge. Dokumentasjonen omkring trefiguren går attende til 1877. Da var  Nordiska museet i Stockholm i etableringsfasen.  I fylgje Norsk Folkemuseum byrja innsamling av norske gjenstandar til Nordiska museet av grunnleggjaren Artur Hazelius, han fekk engasjert ein kar frå Telemark, Torjus Leifsson Jorde til innsamlingsarbeidet i Norge. Han har fått med seg viktige kunstskattar frå  Sogn.  Det arbeidet foregjekk til unionsoppløysinga i 1905. Krusifikset har vore langtidsutlånt til Historisk museum i Oslo.


Madonna med barn
Madonna med barn, Fresvik kyrkje

I dette arbeidet med St. Olav frå Fresvik, dukka det opp ei overrasking. Ein skulptur «Madonna med barn» er òg lokalisert til Fresvik (Virgin with child, C33290) . Denne skulpturen er i eik, og har desse måla: høgde 132cm, breidde er 42 cm og djupna er 39 cm. Skulpturen vart bringa til Nordiska museet i fem bitar av Torjus Leifsson Jore.  Denne skulpturen er katalogført frå Fresvik i Vestland fylke. Skulpturen er relatert til mellomalderen utan nærmare antatt årstal. Denne skulpturen har vore langtidsutlånt frå Nordiska museet i Stockholm  til Kulturhistorisk museum i Oslo sidan 1971.

Glaskunsten frå bygdene i Sogn.

Da glasmaleriet kom i bruk utover 1500-1600 talet var dette eit kunstuttrykk som først og fremst breidde seg utover bygda gjennom kyrkjekulturen, men  truleg òg embetsstanden. Det tyder på at denne kunsten kom til dei i bondestanden som  hadde råd til å ta i bruk desse nyvinningane. Glaskunsten utvikla seg  i kjølvatnet av at glas vart tilgjengeleg i Norge. Lexow nemner at denne kunsten først og fremst fekk innpass i overklassen. Etter som borgarskapet voks fram, kom glasmaleria i bruk også utanfor kyrkja. Bergen var ein viktig arena for utviklinga av denne kunstarten. (Lexow, 1938) Lexow  hevdar at glasmaleria som eg skreiv om i Pridlao i 2019, mest truleg har sitt opphav i Fresvik, fordi som han ironisk skriv:

«Det er også mest sannsynlig, idet sorenskriver Cappelen selv bodde i Fresvik som tidligere var et av de viktigste centrer i Sogn, mens Feios  alltid har vært en forholdsvis fattig bygd». (Lexow, s.93)

Glasmaleriet er opphavleg knytt til kyrkjebygg sørover i Europa, før det gjorde sitt inntog i Danmark-Noreg, og vart der nytta særleg i gotiske katedralar, men var kjent av oldtidas egyptarar, fønikarar, grekarar og romarar.(Dedekam, 1908) Kunstmetoden spreidde seg nordover i Europa ved utsmykking av kyrkjebygg. Frå 1400 og 1500- talet kom dei òg i bruk i verdslege hus og private stover, som nemnt over. Nationalmuseet i København viser korleis glasmaleri vart nytta i bondestover og kjøpmannshus, mellom anna Ålborgstuene. Det viser seg når ein går inn i tematikken at glasmaleri er viktig dekor over heile Danmark - Noreg. Bergen har ei historie som eit viktig kultursentrum både for kunsthandverk, religion og handel i mellomalderen. I dag er glaskunsten framleis knytt til kyrkjebygga, og i Trondheim er det eige verkstad for dette handverket knytt til Nidarosdomen.

Mange av dei kyrkjene som vart rivne på 1800-talet hadde tydelegvis fått innsett glasmaleri i vindaugo. Ein grunn kan sjølvsagt vera at da glaset vart vanleg, førte det til at lyset gjennom  vindaugo gjorde kyrkjerommet lysare. Tidlegare kom lyset vanlegvis gjennom nokre gluggar. Ein annan grunn var relatert til eit ynskje frå den rike samfunnsklassen om å gje kyrkja gåver, og da kunne glaskunst vera prestisjefullt.

Mann og kone, Fjærland i Sogn

Sett i relasjon til rivinga av Rinde stavkyrkje, er det ikkje usannsynleg at glasmåleria i Stockholm kom på auksjonen ved riving av kyrkja. Om denne hypotesen skulle vera haldbar, er det iallfall flott at Ivar Person Berdal (1805-1885) fekk hand om desse glasmåleria. Det var nok flaks at oppsamlaren Torjus Leifsson Jore fekk hand om klenodia med opphav Feios. Sjølvsagt litt trist at dei framleis er i Stockholm. Men både skulpturar og glasmåleri har truleg vorte redda frå destruksjon ved denne innsamlinga i regi av Nordiska museet. I boka til Lexow er presentert mange glasmaleri frå heile Noreg, eg vil i denne samanheng presentera eitt i samlinga « Mann og kone» frå Fjærland, fordi dette er eit tema med litt variasjonar i glaskunsten, avhengig av geografisk område.

Smeden frå Berdal
Mann og kone

Boka til Einar Lexow viser ein omfattande omtale av glasmalerikunsten frå heile Norge. Frå Sognefjorden er det eit rikt tilfang. Mann og kone, eit motiv som truleg er laga av ulike glashandverkarar, men etter lik mal. Dette motivet finst også i Trøndelag, men med nokre variasjonar på detaljnivå. Glasmaleriet «Mann og kone» er frå Fjærland i Sogn.

Smeden frå Berdal

Da eg fekk tips frå Vik lokalhistoriske arkiv om «Smeden frå Berdal», tok eg strak kontakt med Historisk museum i Bergen som viste til  Lexows bok. Det viser seg at boka har informasjon relatert til vår vesle bygd Feios ved Sognefjorden.

Ved nærmare studie av glaskunst viste det seg at Nordiska museet i Stockholm har to glasmaleri frå «den fattige bygda» Feios. Ved å kontakta museet kom ein velvillig tilbakemelding om to glasmaleri. Det eine glasmaleriet «Smeden frå Berdal» er presentert i biletutgåve av Lexow. Det andre glasmaleriet er omtalt i teksten, men eg oppdaga teksten først ved arbeidet med skildringa av glasmåleria i denne artikkelen, «Seglfartøy med dansk flagg».

Den eine motivet er skildra i museumsdata : «Smed med Städ, hammare ock tång.» Det er kategorisert innanfor handverk og herreklede. I informasjonen for NM. 0017764 under kategorien status står:

«Högsta bevarandevärde, omöjligt att ärsetta. Kan ej bytas eller avyttras.»

Desse kunstskatten frå Feios eksisterer ved Nordiska museet. Ein fascinasjon som gjev ein viktig inspirasjon for vidare arbeidet med tematikken.

Seglfartøy med dansk flagg
Fartøy med dansk flagg frå Feios

I arkivmaterialet NM. 0017763 er den svenske teksten: «Segelfartyg med dansk flagg». Motiv i glas er skildra som fartøy og nasjonalsymbol. Teksten for status er den same som den forgåande informasjon. Referanse 111. E.D. Bilete under viser dette glasmaleriet som  har sitt opphav i ei lita bygd ved Sognefjorden, i arkivmaterialet nemnt som «Fejos».  

«Glasrude. Norge, Sogn og Fjordane (Nordre Bergenhus Amt)Yttre Sogns fgd. Lekangers pr. Fejos,  Från Berdal.

Høgd 12,8 cm

Breidd. 9,6 cm

Målat på båda sidor

«I.av Ivar Pedersen Berdal, gm gårdsbr. Torjus Leifsson Jore ank. 22-5-1877

Avsluttande kommentar og metodiske refleksjonar.

Biletmaterialet som her er presentert, set området midtre Sogn på kartet over interessante kunstskattar. Skulpturen St. Olav har vore kjent etter litteraturstudie og obsevasjon ved Historisk museum i Oslo. Ved ein førespurnad til museet, kom informasjon og tilgang til interessante data. Overraskinga var stor da opplysningar og bilete om ein annan skulptur, nemnt  som «Fresvik, Virgin with child» kom fram i informasjonane. Begge desse mellomalderskulpturane har vore tekne vare på av Nordiska museet i Stockholm, og er no  langtidutlånt til Historisk museum i Oslo. I tillegg har Nordiska museet lokale glasmåleri frå Feios, begge bringa til Stockholm i 1877.

Tipset frå Vik lokalhistoriske arkiv om «Smeden frå Berdal» førte først til Historisk museum i Bergen som informerte om litteratur på området glasmåleri. Ein førespurnad til Nordiska museet i Stockholm våren 2019, gav resultat. Der vart det stadfesta at dette glasmåleriet  og eitt til, var i magasinet. Dermed gjekk turen til Stockholm i juni 2019 for å sjå desse klenodia. Fascinerande å sjå desse glasbitane, og få dokumentasjon om når dei vart kjøpt i Feios.

Litteraturliste:

Anker, Leif. (1981) Høymiddelalderens skulptur i stein og tre. Norges kunsthistorie. Bind 2

Høymiddelalder og Hansa-tid. Gyldendal Norsk Forlag – Oslo

Bendixen, B.E. (1909) Aus der mittelalterlichen Sammlung des Museums in Bergen. Bergens Museums Aarbog Nr. 16.

Brendalsmo, A.J., Frøysaker, T., Jensenius, J.H. ( 2001) Kors og krusifiks. Tre utsnitt av deres historie. NIKU publikasjoner 105: 1-46.

Faye, Audhild. Glassmaleriene i Nidaros domkirke. Del 1 og 2. Nidaros domkirkes restaureringsarbeider forlag 2000.

Dedekam, Hans. Glasmaleriets esthetik og historie. Norsk Tidsskrift for handværk og Industri. 1908

Fett, Harry. (1908) Billedhuggerkunsten i Norge under Sverreætten. ALB. Cammermeyers Forlag, Kristiania

Hammarlund-Larsson, Ciciliea. (2016) Nordiska museet under 125 år. Nordiska museets förlag

Horgen, Randi.(2000) Universitetets kulturhistoriske museer, Oldssakssamlingen.

Johannessen, Ole-Jørgen. (2016) Bergens Kalvskinn. Kildeutgivelse fra Riksarkivet, Oslo

Kjelsrud, Karoline. (2021) Kulturhistorisk museum i Oslo. C 35142 og C33290

Lee, Rune. (2018) Feios Ættesoge. Vik Lokalhistoriske Arkiv.

Lexow, Einar. (1938) Norske glassmalerier frå laugstiden. Forlaget H. Aschehoug  & Co, Oslo

Maxén, Maria. (2019) Vising av arkivmateriale og datatilgang i Nordiska museet.

Nicolaysen, N. (1862-1866) Norske Fornlevninger. En opplysende fortegnelse over Norges fortidslevninger, ældre end reformationen og henførte til hver sitt sted. Utgivet af foreningen til norske fortidsminnemerkes bevaring. Kristiania Carl C. Werner & Comp´s Bogtrykkeri

Rinde, Jan Magne B. (2016) Rinde kyrkjestad. Feios kyrkje 150 år. Feios sokn

Rinde, Jan Magne B. (2018) Leikangerkrusifikset frå Rinde stavkyrkje. PRIDLAO nr. 1. 2018

Rinde, Jan Magne B. (2019) Da sorenskrivaren i Sogn budde i Fresvik, og glasmaleria i Sogn. PRIDLAO nr. 1, 2019.

https://digitaltmuseum.no/021026365443/krutthorn

https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Hanahaug

https://www.nrk.no/norge/mestertyv-statue-skaper-sinne-1.500683

http://www.musit.uio.no/foto/#/search?q=c35142