Golmøya

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gassferja «Glutra» passerer Feta på Golmøya.
Foto: Olve Utne (2007).

Golmøya er ei øy i tidlegare Tustna kommune, no Aure kommune på Nordmøre. Golmøya med tilhørande holmar og skjer grensar mot Talgsjøen i vest og mot Griphølen i nordvest. I nord/nordaust ligg innseglinga til Edøyfjorden i Trondheimsleia. På austsida av Golmøya utgjer Kråksundet skiljet mot øya Tustna. Det er to matrikkelgardar på Golmøya: Golma og Fætta. Sjølve øya blir stundom, noko misvisande, kalla Golma eller Golmå.