Grøna mølle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Grøna mølle ved Grønfossen
Foto: Ola Skotte 1933

Grøna mølle er ei bygdemølleLesjaskog. Den stod ved Grønfossen i Grøna i Grøndalen og var ei modernisering av den midte kverna same stad i 1932 (truleg ikkje teke i bruk før 1933). Ho og var vassdrive, og bygd av Brudelikarane frå Verma. Ho brann ned i 1944, og i 1946 etter vart ei ny mølle basert på elektrisk drift oppsett i Lesjaskog sentrum slik vi ser på bildet. I mellomtida vart kornet køyrd enten til Brustugukverna i Øverdalen eller til Leirmokverna på Nordmo.

Den første møllaren ved Grønfossen var Ragnar Mølmen, etter han kom Hans Lien og den siste møllaren før brannen var Sigurd Øverli. Peder Øverli var den første på den nye mølla, før Lars Haugen og Birger Hyttnes, som var den siste.

Grøna mølla var i drift til det var slutt på korndyrking til maling sist på 1960-talet. Lesjaskog Handelsforening kjøpte mølla, men selde ho seinare privat.

Litteratur

Koordinater: 62.23208387° N 8.36051144° Ø