Grindheim kyrkje (Audnedal)
Grindheim kyrkje | |
---|---|
Grindheim kirke omkring 1910 | |
Stad: | Grindheim |
Byggeår: | 1783 |
Endringar: | Restaurert i 1940-åra |
Kyrkjegard: | Grindheim kyrkjegard |
Kyrkjesamfunn: | Den norske kirke |
Bispedøme: | Agder og Telemark |
Prosti: | Mandal |
Prestegjeld: | Nord-Audnedal |
Fellesråd: | Audnedal |
Sokn: | Grindheim |
Arkitekt: | Arnt Listad (tømrar) |
Teknikk: | Tømra |
Materiale: | Tre |
Sitteplassar: | 250 |
Anna informasjon: | Rosemåling av Tore Asbjørnsson Risøyne, 1791. |
Grindheim kirke ligg eit par km nord for Byremo i Audnedal kommune i Vest-Agder. Ho er ei krosskyrkje i tømmer, og vart oppført av tømraren Arnt Listad frå Konsmo lenger sør i Audnedal. Kyrkje er soknekyrkje for Grindheim sokn, som tidlegare tilhøyrde først Bjelland prestegjeld og så Nord-Audnedal prestegjeld i Mandal prosti. Soknet ligg no under Audnedal kyrkjelege fellesråd. Grindheim var kyrkjestad alt i mellomalderen, og gamlekyrkja stod på same staden.
Innvendig er kyrkja rikt dekorert med rosemåling utført av Tore Asbjørnsson Risøyne i 1791. Gutorm Persson Eftestøl, som var tolv år gamal i 1791, var med som læregut. Dette reknast som eit hovudarbeid i rosemålinga i Vest-Agder. I 1898 vart dekoren overmåla, men under ei restaurering i 1940-åra vart rosemålinga avdekka.
Kyrkjebøssa ved døre har årstalet 1745, og må nok vere frå gamlekyrkja. Det gjeld òg klokka, som har påskrifta «omstøbt av Jacob Rendler ano 1760».
Kuriosa
Meistertjuven Ole Høiland vart døypt i Grindheim kyrkje den 24. februar 1797. Familien budde då på garden Høyland kring ei mil frå kyrkja.
Galleri
Litteratur og kjelder
- Informasjonsskilt ved kyrkja (lest januar 2017).
- Grindheim kyrkje (Audnedal) på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no.
- Grindheim kirke (Audnedal) på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Grindheim kyrkje på agderkultur.no.