Grøvelsjøen
Grøvelsjøen (norsk) eller Grövelsjön (svensk), sørsamisk Guevteljaevrie, er ein smal, nord–sørgåande innsjø som ligg i Engerdal kommune i Innlandet fylke i Norge og i Idre i Älvdalens kommun i Dalarnas län i Sverige. Namnet heng saman med det usamansette elvenamnet Grövlan (lokal uttale Grövla). Grövlan renn frå Grøvelsjøen nedetter Gröveldalen og munnar ut i Storån, som i sin tur munnar ut i Idresjön. Grøvelsjøen ligg 762 meter over havet og er 4,1 km² i utstrekning. Han er langsmal, med 6,6 km avstand frå nordligaste til sørligaste punktet og største breidd på i underkant av 800 meter. Ved vestsida krummar vatnet seg lett kring sida av Sjøhøgda (Sjöhöjden, 1121 moh.) med ymse andre toppar attom, inkludert Digerhogna (1294 moh.). Langs austsida av vatnet ligg Långfjället (Langfjellet) med toppane Pråahta og Jakobsfjället (1103 moh.), og attom Jakobsfjället att ligg Storvätteshågna (sørsam. Gealta, 1204 moh.) — det høgste fjellet i Svealand. Ved nordenden av vatnet ligg den veglause grenda Sylen; og ved sørenden ligg turistanlegget Grövelsjön med bl.a. Sjöstugan og Grövelsjöns Fjällstation. Fiskelivet i Grøvelsjøen inkluderer ørekyt, lake, aure og røye.
Under andre verdskrigen nødlanda eit tysk fly her den 2. juni 1940, og vraket ligg framleis i strandsonen ved Grøvelsjøen. Området kring vatnet på norskesida av grensa vart verna som Grøvelsjøen naturreservat den 22. desember 1989. På svenskesida vart heile området kring Grövelsjön med unntak av eit belte langs Grövlan verna som Långfjällets naturreservat den 14. oktober 1993.