Gudbrandsdalen sorenskriverembete

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gudbrandsdalen sorenskriverembete blei oppretta ved kongebrev i 1591. Det dekka heile Gudbrandsdalen, men det ser ut til at det allereie frå starten var to sorenskrivarar som hadde sitt virke der. Lista nedafor viser tydeleg overlapping mellom embetsinnehavarane.

I 1699 blei det bestemt av kongen at det berre skulle vere ein sorenskrivar i Gudbrandsdalen, gjeldande frå neste vakanse. Det skjedde i 1719, men allereie i 1731, då den gjenlevande av dei to sorenskrivarane døydde, blei det formelt delt i to embete. I og med at sorenskrivarane tidlegare hadde blitt utnemnt til same embete, er det ikkje klart kven som hadde ansvar for sør og kven som tok seg av den nordlege delen, eller om dei delte embetet på andre vis.

Ved delinga blei Nord-Gudbrandsdal sorenskriverembete og Sør-Gudbrandsdal sorenskriverembete oppretta.

Sorenskrivarar

Kilder

  • Næss, Hans Eyvind (red.): For rett og rettferdighet i 400 år: sorenskriverne i Norge 1591–1991. Utg. Justisdepartementet/Fabritius. 1991. Digital versjonNettbiblioteket.