Guro Heddelid

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Guro Heddelid er ein sagnfigur frå middelalderen. Hun kom frå storgarden Heddelid i Grunningsdalen i Seljord. Grunningsdalen går rett over fjellet frå Seljord til Sauland, mellom Lifjell i sør og Mælefjell i nord. Det heiter seg at garden Heddeli låg innerst i Grunningsdalen, men blei tatt av ras. Ein kan sjå at det ein gong har gått eit stort ras i området, men ingen veit heilt sikkert kor garden har lege.

Guro var ei stolt, sterk og vakker kvinne som det gjekk gjetord om. Til Heddelid kom kjempekarar og friarar for å kjempe om henner gunst. Det skal ha vore mange kampar i Grunningsdalen for Guro si skuld. Det er fleire bygdeviser om Guro Heddelid. Den mest kjente er nok «Guro rid til ottesong». Her er eit kort samandrag av segna om Guro Heddeli:

Sagnet om Guro Heddeli

Guro var dotter av den rike og mektige Sigurd Heddeli som levde tidleg på 1300-talet. Han døydde medan Guro var liti, og mor hennar gjekk bort medan ho var i tenåra. Før faren døydde, fekk han prenta inn i dotteri at den som skulle få gifte seg med henne måtte kunna svinge det gamle, tunge sverdet som hekk på garden.

Guro fekk rå seg sjølv på Heddeli. Ho budde der med fleire tenarar. «Guro kunne vera både stor og liti», skriv Jørund Telnes. Ho var stor på det, men glad i gutar, så guten trong ikkje koma frå rikfolk for at Guro skulle fatte interesse. Ho var ei vakker jente, og så rik at ho fekk mange friarar.

Tore frå Smylemoen var ein husmannsgut som Guro hadde kjent sidan barndommen. Han var flink til å spela hardingfele, og var ein ven og populær kar. Guro hadde svært varme kjensler for han, men så var det dette med at den som skulle føre ætti på Heddeli vidare både måtte vera sterk og rik.

Det kom friarar frå aust og vest, og det var mangt eit basketak. Både falske rykte og tvilsame spådomar blei tatt i bruk for å vinne Guro. Til sist var det den rike og sterke Torgeir Uppstad frå Sætesdalen som gjekk av med sigeren.

Guro gifta seg med han, og Tore Smylemoen, som heilt til det siste hadde hatt eit håp om at ho skulle velge han, rømde til skogs. Han fann ikkje fred nokon stad, og var besett av tanken på å ta hemn over Torgeir. Ein gong drog han til Heddeli for å setja fyr på huset, men då han fekk sjå at Guro sat ved åren med eit lite barn på fanget, orka han ikkje gjera vondt mot henne som han framleis elska. Ein annan gong kom Tore løypande på ski i måneskinet frå fjellet og ned til Heddeli. Slikt laup hadde ingen gjort verken før eller seinare, og dette laupet fekk namnet Toreslaup. Han storma inn gjennom døra med øksa i neven og var klar til å drepa Torgeir. Nett denne kvelden var både han og Guro i gjestebod på Venaas, og det gjorde at Torgeir berga livet. I dette gjestebodet spente Torgeir beltet med Øyvind Aase, og dette basketaket enda med at Torgeir drap Øyvind.

Så gjekk det ei tid, og fram imot jol skulle det vera likferd til Nordgarden. Guro gjekk med barn, og kunne ikkje reise, men Torgeir drog eismall. På veg heim frå gravølet blir Torgeir møtt av ein mann med øks. Det var Leiv, bror til Tor frå Sundbø, som Torgeir hadde drepe då dei begge beila til Guro. No ville Leiv hemne bror sin, og det greidde han.

Guro var no enkje. Ho fekk mange beilarar, men ville ikkje gifte seg att. Ho opplevde å miste tri av ungane sine på eitt år, og dette gjekk sjølvsagt inn på henne. På slutten av livet fekk ho mange varsel om den forferdelege pesti, altså Svartedauden, som var på veg mot Grunningsdalen.

Sagnet fortel at Guro ikke overlevde Svartedauden i 1349. Om dette har Jørund Telnes skrive eit dikt:

Pesti kjem til Heddelid
Det var so kringum Pinsetid
Ein Sundagsmorgon ljos og blid,
Ei Kjering hovudstup
So fæl og stor
Og myrk som Jord
Det kom til Dalen upp.

Ho stundom gjekk og stundom sprang,
Som paa ei Beingrind Stakken slang.
Ho Riva og Lime bar,
Og Rædsla stor
Framfyre for,
Og Daud` i hennar Far.

Daa høyrde dei paa Heddeli
Det utfyr Dynni sopat bli.
Dei gjennom Dynni saag,
Daa saag dei ho
Med Limen stod –
Og Lik snart alle laag.

Ho paa kvar einast` Gard gjekk inn;
Og sopad ho med Limen sin,
Dei saag` kje meir til Dag.
Ja Folk og Fe
Ho lagde ned
Og tjukke Bygdelag

Men Rakad ho med Riva si,
Daa gjekk det alltid einkvann fri,
Som millom Tindann` smatt.
Men denne Dal
Var i det Tal,
Som øyde ho la` att.


Biletkunstnaren Harald Kihle har skapt tallause teikningar, måleri og grafikk rundt dette temaet. Han har nok medvirka til at segna er så godt kjend utanfor Telemark.

Jørund Telnes, som levde på 1800-talet skreiv boka om Guro Heddelid på grunnlag av segna. Denne hadde han høyrt av Guttorm Tvingelid, som budde på garden Tvingelid ved inngangen til Grunningsdalen. Boka blei utgitt fyrste gong i 1886.

Kjelder

  • Telnes, Jørund: Guro Heddelid. Med tresnitt av Harald Kihle og melodiar av Eivind Groven. 4. utgåva. Oslo 1972. Samlaget. Digital versjonNettbiblioteket

Eksterne lenker