Harald Kihle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Kihle i 1986
Foto: Svend Aage Madsen

Harald Kihle (fødd 3. juli 1905, død 2. august 1997) vaks opp i Borre i Vestfold, fyrst på Holtan gård rett ved Borrevannet, seinare nærare grensa til Horten. Han var son av maskinarbeider Antoni Jørgensen (1867–1920) og Mina Gunelia Halvorsdatter Leikås (1860–1945). Gift 1930 med Ingrid Kirsten Olsen (4.1.1906–3.10.1978), dotter av Ole Sofus Olsen Sundbye (1876–1946) og Milla Lovise Østby (1880–1949).

Oppveksten var prega av jordnær nøysomheit. Faren arbeidde på Marineverftet og mora hadde grønsakshage og dyrka litt potet. Då Harald var 14 år flytta familien igjen, enno nærare kommunegrensa.

Harald gjekk på Falkensten skole. Han tok tidleg til med teikning og måling. Heimstaden låg ikkje så langt ifrå Åsgårdstrand, og Kihle fekk tidleg lære om Edvard Munch.

Det fyrste biletet Harald måla var av ein hest. Sidan fylgde hestemotivet Harald resten av karriera. På den treårige kunst- og handverksskulen studerte han m.a. anatomien til hesten. Her hadde han Eivind Nilsen som lærar. Han lét Harald låne plansjar med hestemotiv, som Harald så teikna av på kveldstid. Seinare kom Harald inn på Kunstakademiet der han gjekk i tre år. Her hadde han Per Krohg som læremeister.

Harald fekk norsk/dansk kunstnarstipend, og i 1938 fekk han reise på studietur til Paris. Per Krohg hadde tidlegare heldt målarskule i Paris i lag med Marcel Gromaire som underviste på det franske kunstakademiet i Paris. Då Harald kom fram til Akademiet, skulle det vise seg att klassa var full. Gromaire bad han koma att dagen etter, for det hende at elevar hoppa av etter ei tid. Kihle møtte kvar dag i over ei veke, og den åttande dagen var det ledig plass i klassa. Sjølv om han ikkje kunne språket vart han verande i Paris i tre månader.

Kihle vart tidleg fascinert av Telemark. På Universitetsbiblioteket lånte han bøker av Rikard Berge, M. B. Landstad, Olea Crøger og Hans Jacob Wille. Han las òg gamle reiseskildringar frå utlendingar som vitja "Thelemarken".

1927 kom Harald til Hjartdal. Her vart han verande i omlag tre år. Seinare budde han fleire stader i Flatdal - frå garden Åse langt nord i bygda, til Nutheim. Her heldt Terje Grøstad til, og på denne tida verka Nutheim som eit kunstnarkollektiv for fleire av dei mest kjende kunstnarane i tida. Kihle vart verande i Flatdal frå 1931 til 1938, men hadde fleire utflukter til ymse bygdelag i Øvre Telemark. Han var opptekent av Myllarguten, Storegut og Guro Heddelid og hadde fleire opphald i bygdene der ein kunne finne spor etter desse skikkelsane. Kihle flytta seinare til Smørklepp i Vinje kommune.

Ved Vinje biletgalleri i Smørklepp kan ein oppleve fleire av kunstverka til Harald Kihle. Her er det òg utstilt fleire måleri av Henrik Sørensen. Dei to var nære kollegaer. Biletgalleriet er del av Vest-Telemark Museum.

Harald Kihle på opninga av Kihlegalleriet i Horten.
Foto: Svend Aage Madsen (1986).
Harald Kihle på opninga av Kihlegalleriet i Horten.
Foto: Svend Aage Madsen (1986).

Hans eige galleri, Kihle-galleriet, ligg i Apenesgården i Horten og blir drive av Harald Kihle-stiftelsen, som då han døydde fekk overlate 7000 bøker og kring 20 000 notat, skisser, dagbokblad, brev, utklipp m.m. – eit eineståande materiale om kunstnaren og samtida hans. Kunstnaren sjølv bidrog sterkt til finansieringa av galleriet på nordsida av Horten sentrum og var sjølv tilstades under opninga i 1986.

Kunsten og litteraturen til målaren Harald Kihle er grunnlaget for Kihlestiftelsen og galleriet. I galleriet har Kihles kunst fått ei eksklusiv plassering.

Galleriet blir òg bruka til verksamheita til Horten og Borre kunstforening. Kunstforeininga eig den restaurerte Apenesgården, ein av dei eldste bygningane i Horten.

Galleri

Kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!