Gyda Heggertveit

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gyda Heggertveit (fødd 11. april 1912 i Fana, død 20. juni 2012 i Knarvik i Lindås) vaks stort sett opp på Flesland i Fana, med unntak av nokre år på ein gard på Frønsdal i Ølen kommune. Ho hadde åtte syskjen. I 1930 vigde ho med Arne Heggertveit, og busette seg på Heggertveit i Lindås. Saman fekk dei seks barn. I 1968 var Gyda enkje. Ho skreiv gjerne prologar i lagsamanheng, i lokalaviser og songar til festlige lag. I 2008 var synet så dårleg at ho flytta til Knarvik sjukeheim.

Då ho var 17 år gamal fekk ho arbeid på hermetikkfabrikken i Alverstraumen, og det gjorde at ho måtte flytte til tanta og onkelen sin. Hos skyldfolket møtte ho Arne Heggertveit som var bror til tanta, og året etter gifte dei seg. Etter kvart kom barna, fire gutar og to jenter, og småbruket kasta ikke nok av seg. Arne måtte ut på anlegg for å spe på inntekta. Heime styrde Gyda Heggertveit, dei hadde husdyr og dyrka grønsaker og blomar.

Etter at dei hadde vore gift i 29 år vart Arne ramma av eit tungt hjerneinfarkt som gjorde at han vart pleietrengande. I åra fram til han døydde i 1968 budde han heime, med Gyda som pleiar og barna som hjalp henne driva garden.

Under feiringa på sjukeheimen fekk og den næraste familien ordet, og ein av dei vert gjengjeve i Vaage sin reportasje:

«[...] eine sonen minnast oppvekst i enkle kår, i ei stove med ei lyspære i taket og der alt vatn måtte bærast inn og ut.
- Men det eg hugsar best er at du på tross av arbeidsmengda evna å gje oss alle ein tryggheit,og ei god oppdraging. Det vart folk av oss alle, takk mor, helsa han.»

Etterslekta talde 11. april 2012 seks barn, 18 barnebarn, 29 oldebarn og 14 tippoldebarn, ikkje medreikna dei tre som ikkje lever lengre.

Kilder og litteratur


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.