Hå kommune
| Hå | |
|---|---|
| |
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 1119 |
| Fylke | Rogaland |
| Kommunesenter | Varhaug |
| Areal | 257.99 km² |
| Areal land | 248.25 km² |
| Areal vann | 9.74 km² |
| Folketall | 18 762 (2018) |
| Sammenslåing(er) | 1964: Varhaug, Nærbø og Ogna |
| Målform | nn |
| Nettside | Nettside |
| Nærbø sett frå den nye kyrkja i 2010. Foto: Siri Johannessen | |
Hå kommune er ein kommune på Jæren. Den noverande kommunen vart etablert 1. januar 1964 ved samanslåing av dei tidligare kommunane Ogna, Varhaug og Nærbø. Varhaug og Nærbø tilhøyrde i perioden 1838-1894 den gamle Hå kommune, som hadde opphav i Hå prestegjeld. Ogna høyrde derimot opphaveleg til Eigersund kommune.
Kommunen har teke del i den store folketalsvekstra som Jæren har opplevd sidan oljealderen byrja på 1970-talet. I tiårsperioden 2004-14 økte folketalet med gjennomsnittlig 2,2 prosent i året mot 1,7 prosent i heile Rogaland.
Hå er ein av landets viktigaste jordbrukskommuner, og nesten ein tredjedel av arealet vert nytta til jordbruksformål. Husdyrproduksjonen er den viktigaste; Hå har det største storfe- og svinehaldet i Noreg.
Hå er målformsnøytral, men hovedmålforma både i skulen og i administrasjonen er nynorsk.
Kjelder og litteratur
- «Hå» i Store norske leksikon
- Hå kommune sine nettsider.
Sjå óg
|
