Varhaug kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
Varhaug kommune i Rogaland vart oppretta i 1894, då dåverande Hå kommune vart delt i Nærbø og Varhaug. I 1964 vart Varhaug samanslegen med Ogna og Nærbø til den nye storkommunen Hå.
Då Varhaug gjekk inn i Hå, hadde kommunen eit flateinnhald på 85 km2 og 3438 innbyggjarar. Noverande Varhaug sokn tilsvarar den gamle kommunen, men folketalet er no (2014) om lag dobbelt så høgt, nemleg 6700.