Håkaland (Tinn gnr 67)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Håkaland
Alt. namn: Haakeland, Haugland
Fyrst nemnd: 1570?
Sokn: Atrå
Fylke: Telemark
Kommune: Tinn
Gnr.: 67

Håkaland er ein matrikkelgard i Atrå sokn i Tinn kommune.

I Tinn soga (s. 302) skriv Halvor H. Einung at «namnet kjem vel av Hakje det same som Håkanes». Einung nemner òg at namnet Haugland nyttast om same gard i sume kjelder.

Ein Gunleik Håkaland er nemnd i eit brev frå 1570; han budde på garden i 1610 også. I 1789 vart Håkaland delt i to bruk, Nord og Sud Håkaland.

Øystein Øysteinsson Vålund kjøpte Sud Håkaland i 1823. Han var skulemeister og hadde fleire kommunale ombod. Også svigersonen Ola Olsson, gift med dottera Lisbet, var lærar, og samstundes lagrettesmann, formyndar og medlem av heradsstyret. Ola og Lisbet tok over Håkaland i 1845.

Kjelder


Koordinater: 60.0150367° N 8.7428901° Ø