Håkon Evjenth

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile fra Nordlandsposten 11. juni 1951: utsnitt av omtale av bortgangen til Håkon Evjenth.

Håkon Evjenth (18941951) var ein forfattar og jurist frå Bodø som særlig er kjent for barnebøkene sine frå nordnorsk natur.

Liv og bakgrunn

Håkon Evjenth blei fødd i Bodø onsdag den 26. desember 1894 som son av Martha Backer (18671906) og advokat og statsråd Håkon Martin Evjenth (18651934) frå ValleInnstranda i Bodin. Han vaks opp i Bodø, med unntak av tida 1901–1908, da dei budde på Sveneng under Øver-Rønvika litt utanfor byen. Han tok examen artium i 1913. I 1917 blei han cand.jur., og han blei buande nokre år i Oslo. Under denne tida fikk han innført den første vorsteh-hunden til Noreg i 1919. Han kalla hunden Per Von Vulfenstein. I 1921 starta han eigen sakførarpraksis i Vadsø. Han gifta seg den 4. april 1923 med Solveig Bjerve (1900–1990). Sommaren 1925 (1927?) flytta dei ein sjølvbygd gamme i Suonjo i Nesseby kommuneVarangerhalvøya.

Evjenth debuterte som forfattar i 1927 med boka Finnmarksjakter. Gjennombrottet kom med ungdomsromanen 3 på to og 2 på fire i 1935. Dei fleste bøkene hans er komne ut i fleire utgåver. Handlinga er som regel lagt til nordnorsk villmark, og det økologiske perspektivet er gjerne framtredande, saman med ei tydelig, underliggjande opplæring i friluftsliv, nordnorsk geografi og samisk kultur. Evjenth var i det heile tatt ein føregangsmann for naturvern og friluftsliv.

Evjenth hadde stipend frå Institutt for sammenlignende kulturforskning 19271930 og budde 4 år i sjølvbygd gamme i SuonjoVarangerhalvøya. Evjenth deltok i motstandsarbeidet under andre verdskrigen, og han satt fanga først i Bodø og Trondheim, og deretter på Falstad og Grini 194345. Boka hans Krig i kvitt blir rekna som den første romanen om krigen i Nord-Noreg.

Håkon Evjenth døydde søndag den 10. juni 1951 og vart gravlagt torsdag 14. juniBodin kyrkjegard.

Bibliografi

Skjønnlitteratur

  • 1928 – Folk under fot (roman)
  • 1935 – 3 på to og 2 på fire (ungdomsbok)
  • 1936 – På to og fire i Suonjo (ungdomsbok)
  • 1937 – Over Kjølen i kano (ungdomsbok)
  • 1939 – En fiskergutt i sameland (ungdomsbok)
  • 1940 – På langferd i grenseland (ungdomsbok)
  • 1941 – Falkefengeren (ungdomsbok)
  • 1945 – Krig i kvitt (ungdomsbok)
  • 1947 – På falskt pass (ungdomsbok)
  • 1948 – Hytta i fjellet (ungdomsbok)

Faglitteratur

  • 1927 – Finnmarksjakter
  • 1938 – Gutten som Norge glemte : Johan Koren
  • 1945 – Han som reddet verden : Winston Churchill
  • 1946 – Trollbotn (erindringsbok om livet på eiga hytte)

Kjelder og lenkjer


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Håkon Evjenth er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.

Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Håkon Evjenth» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.