Høgefoss Landhandel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Høgefoss Landhandel ei gong før 1960.
Foto: Ukjend / Nissedal historielag

Høgefoss Landhandel ligg i Haugsjåsund i Nissedal. Landhandelen vart starta i 1919.

Historikk

Høgefossene Kraftanlegg hadde eiga kooperativ foretning i Haugsjåsund under utbygginga, men denne låg avsides med tanke på den vidare drifta. Det vart difor kjøpt ny tomt attmed hovudvegen, og då anlegget stod ferdig i 1919 vart tomta og varebehaldninga solgt til H. T. Seteklev som samstundes bygde nytt butikklokale. Dette var ein to etasjar trebygning med lager og kjellar.

Butikken heitte frå byrjinga H. T. Seteklev, men bytta snart namn til A/S Høgefoss Landhandel. Då Seteklev døydde i 1937 vart forretninga kjøpt av A. G. Juva, og vart kalle A. G. Juva fram til Juva døydde i 1940. Hustrua, Kari Juva, tok over forretninga på dottera sitt handelsbrev. Butikken vart då kalla Høgefoss Landhandel.

Forretninga var ein assortert landhandel og omsette mel- og kolonialvarer, landmannsprodukt, kunstgjødsel og kreftfôr, samt steintøy og jernvarer. I tillegg solgte butikken ein del manufaktur og skotøy.

Den årlege omsetninga var på om lag 70 000 i 1949. Butikken hadde då to funksjonærar tilsett.

Høgefoss Landhandel vart nedlagt ei gong på 1970-talet.

Annonsa til Høgefoss Landhandel frå ca. 1950.
Foto: Vegvisar for Nissedal herad, Skien, 1950.

Kjelder

  • Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.