Hørte landhandel
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hørte landhandel blei bygd av Anton Hørte[1] og seinare overtatt av Olav Kaasa. Landhandelen låg i Hørte i Sauherad kommune.
Historikk
Olav Kaasa (f. 8. august 1883) tok over Hørte Landhandel i 1912. Forretninga låg på andre sida av vegen for der bygningen ligg i dag. Bygningen var svært umoderne, og under leiing av Kaasa vart det utført moderniseringar og utvidingar fleire gonger. I 1939 sette han opp ein ny bygning attmed den gamle, og flytta heile forretninga med lager inn dit.
Forretninga omsette alt i kolonial, manufaktur, isenkram, kortevarer, skotøy, landbruksvarer etc. Kundekrinsen kom ifrå Bø og Nes.
Kaasa dreiv kvegoppdrett og gardsbruket Kise på Nes ved sidan av forretninga.
Kjelder
- Hvitsand, Jon, Soga om Hørteverket, Skien, 1984. Digital utgåve på bokhylla.
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1984. Digital utgåve på bokhylla.
Referansar
- ↑ Hvitsand, 1984, s. 680.