H. H. Svartdal Landhandel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Logo/teikning av H. H. Svartdal Landhandel.
Foto: Ukjend / "Norske næringsliv" skannet side nr. 886. nb.no
Nasjonalbiblioteket

H. H. Svartdal Landhandel blei starta i 1890-åra, men H. H. Svartdal tok over fyrst i 1917. Forretninga låg i krysset ved Nutheim gjestgiveri, som Svartdal dreiv i lag med O. H. Svartdal.

Utanom vanlege kolonialvarer solgte forretninga gjødsel, manufaktur, sko, jarnvarer, reiskap og bygningsvarer. I samband med forretninga dreiv Svartdal også med omsetting av huder og skinn, slakt og livdyr. Det høyrde også bensinstasjon til forretninga.

Attmed sal til den lokale kundekrinsen, auka omsettinga om sumaren då det farta mykje turistar gjennom Flatdal. Forretninga sysselsatte fire personar kring 1949.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.