Nutheim gjestgiveri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nutheim gjestgiveri
Foto: Siri Iversen (2010).

Nutheim gjestgiveri blei starta i 1877. Gjestgiveriet ligg i "Svingen" i Åsebrekkene i Flatdal i Seljord kommune.

Historikk

Vegskiljet mellom Åmotsdal, Svartdal og Flatdal blei kalla "Svingen". Her vaks det fram ein liten handelsstad med landhandel, bakeri, slakteri, skysstasjon og hotelldrift. Seinare kom det også bussterminal og bensinstasjon hit. Nutheim Hotell stod ferdig i 1877. Bygningen hadde vore hovedhus på garden Einarjuvet, og denne vart flytt til svingen då vegen kom. Einarjuvet låg nokre hundre meter frå der Nutheim ligg idag.

Nutheim har hatt mange eigarar. Doktorfrue Gina Tommesen var eigar i 1901, og det var ho som fekk laga hagen med lysthus, prydbuskar og grusgangar nedanfor hotellet. Brørne Olav og Halvor Svartdal kjøpte staden i 1917. Sidan dette har den vore i den same familien sitt eige.

Nutheim skulle snart få kallenamnet "kunstnarhotellet". Staden blei ein naturleg samlingsstad for kunstnarar som kom til Flatdal og dei kringliggjande bygdene på fyrste helvta av 1900-talet. Blandt desse finn me namn som Henrik Sørensen, Thorvald Eriksen, Erik Werenskiold, Kai Fjell, Harald Kihle, Charles W. Strøm, Aage Storstein, Willy Midelfart, Anita Greve, Alexsander Schultz, Johannes Rian, Rudolph Thygesen, Eva Bull Holte, Sigurd Winge, John Anker, Eystein Sigurdsson, Eigil Madsen, Søren Steen-Johnsen, Harald Dal og Henry Johan Henriksen. Fleire av desse fekk seg eigne stader i området.

I 1946 kom også kunstnarbrørne Erlend og Terje Grøstad til Nutheim. Her fann dei kvar si syster som dei etter kvart gifta seg med. Terje Grøstad bygde seg eit atelier på nedsida av vegen, og etablerte seg som norsk grafikar og kyrkjekunstnar. Erlend og Anne Grøstad tok over drifta av Nutheim hotell i 1957.

I 1962 starta Erlend opp målarskulen, og flytta Hjartdal gamle prestegard til Nutheim. Erlend og Anne dreiv staden i 50 år. Dei vart heidra for engasjementet sitt for vedlikehald, kunst og kulturformidling.[1]

I dag (2019) er det bilethoggar Ellen Grøstad Barstad som fører familiearven vidare. Ho driv hotellet saman med dottera Solveig. Ellen tok over drifta i 2006.

Referansar

  1. Heimesida til Nutheim gjestgiveri.

Kjelder

  • Aasbø, Hallvard, Nutheim gjestgiveri og handelsstad 100 år, 1877-1977, Skien : Forfatteren, 1977. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Heimesida til Nutheim gjestgiveri.

Eksterne lenker