Hallvard Roholdt
Hallvard Roholdt (fødd 17. januar 1909, død 25. mai 1998 i Kviteseid) var advokat, dommarfullmektig og høgsterettsadvokat frå Kviteseid i Telemark.
Bakgrunn
Hallvard Roholdt var son av Olav Kristoffersen Roholdt og Åshild Marie Halvorsdatter Kråkenes. Begge foreldra kom frå Vrådal. Dei kjøpte garden Øvre Midtsund i Kviteseid og flytte dit, og det var her Hallvard vaks opp. Foreldra måtte selje Midtsund og bygde seg eit hus på Grønlid i Kviteseid sentrum. Hallvard reiste til Oslo og tok advokatutdanning, og her traff han Liv Skei frå Øystese. Ho utdanna seg til tannlege, og dei gifte seg i 1944. I 1943 kaupte Hallvard garden Revskil i Vrådal. Seinare overtok dei huset i Kviteseid etter foreldra og budde der resten av sitt liv. Dei fekk etter kvart borna Olav (1945), Hege (1946), Gjermund (1947) og Alv Rune (1959).
Karriere
Sidan 1933 dreiv Hallvard Roholdt advokatforretning i Kviteseid. I åra 1936-1938 var han dommarfullmektig ved Vest-Telemark sorenskriverembete, og sidan sekretær i nokre år hos skatteinspektøren i Oslo. Roholdt var offentleg forsvarar ved Vest-Telemark sorenskriverembede frå 1936, og i 1945 vart han oppnevnt som aktor i same rett i landssviksaker. Frå slutten av 1950-talet og heilt fram til 1980-talet var Roholdt sterkt involvert i saker som gjaldt interessene til grunneigarar i samband med reguleringa av Tokke-Vinje vassdraget. Han var og aktivt med i arbeid for å betre vegtilhøva i Vest-Telemark. Roholdt fekk bevilling som høgsterettsadvokat i 1968.
Arkiv
Arkivet etter advokat Hallvard Roholdt er ordna ved Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.