Haredyr

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjellhare i Namsskogan Familiepark.
Foto: Olve Utne

Haredyr (Lagomorpha) er ein pattedyrfamilie som inkluderer pipeharar, harar og kaninar. Haredyra er relativt nært i slekt med gnagarane, men skil seg ut frå dei bl.a. ved at dei har fleire fortenner. I Noreg finst det to ville artar: fjellhare (Lepus timidus, finst over store deler av landet) og sørhare (Lepus europaeus, finst sporadisk i Østfold og Akershus). I tillegg finst europeisk kanin (Oryctolagus cuniculus) — mest som tamkanin, men òg som lokalt utsett/forvilla.