Haugom (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Haugom i Folkestadbyen 2020.
Foto: Olav Momrak-Haugan

Haugom (Fyresdal gnr. 37/5. Fnr. 10) er skild ut frå Århus gnr. 37 og ligg i Skippergata 10 i Folkestadbyen i Fyresdal. Stoga vart flytta frå Breiland gnr. 57/6 i Åslandsgrend og skal vere satt opp ein gong før 1900. Byggmeister var skogsarbeidar Åni Torgrimson Vik som budde der saman med kona Signe Halvorsdtr. Åni T. Vik sette opp fleire av husa i Folkestadbyen. Olav Olavson Vik (1850-1931) og O. Åsberg hadde skomakarverkstad her.

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag, s. 11, 14.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.