Helga Doseth (1898–1985)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Helga Doseth (1898-1985)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Helga Doseth med elevane ved Verket skule ca. 1943

Helga Doseth (fødd Kolstad 30. november 1898 på Systugu Belle i Lesja død 15. august 1985) var ein markert lærar og kulturpersonlegdom i Lesja og Gudbrandsdalen. Ho tok høgare lærarprøve på Elverum lærarskule og vart i 1920 tilsett som lærar ved Verket skule. Ho gifta seg i 1929 med Mikal Doseth (1898-1993) og dei dreiv Vesl-Doset til sonen tok over garden i 1961. I åra 1925-29 var ho òg kasserar ved Lesja og Dovre Branntrygdelag.

I 1931 fekk Helga òg ansvaret for Sletten skule, som var udelt. Ho underviste så ved desse skulane til dei vart samanslegne med Kyrkjekretsen skule, der ho vart til pensjonsalderen.

Helga Doseth engasjerte seg i mange kulturelle aktivitetar. Ho var med på å etablere Lesjaverk Ungdomslag, Lesjaskog skulemusikk, Lesjaskog Husmorlag og Lesja Husflidslag, og var med som leiar og styremedlem i desse i ymse periodar.. Ho var ein av eldsjelande da den nye Lesjaverk kyrkje vart bygd først i 1960-åra. Ho var òg i mange år aktivt styremedlem i Gudbrandsdal Husflidsforening. Det var ho som gjorde største innsatsen for rekonstruere mannsbunaden for Gudbrandsdalen, som etter mange års innsats vart godkjent av Landsnemnda for bunadsspørsmål.

Helga Doseth fekk i 1982 kulturprisen for Lesja for innsatsen.

Kjelder

Eksterne lenkjer