Herdla kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
Herdla kommune i Hordaland vart utskild frå Manger kommune i 1871, og omfatta øya Herdla, dei vestre delane av Askøy og Holsnøy, fleire øyer i Øygarden og nokre mindre øyer i Fjell kommune og Radøy kommune.
I 1964 vart Herdla, som då var på 115 km² med 4991 innbyggjarar, delt mellom fem kommunar: Askøy, Meland, Radøy, Fjell og Øygarden. Herdla sokn svarar til den delen som gjekk til Askøy kommune.
Nynorsk var offentleg tenestemål og hovudmål i skulane i kommunen.
Litteratur
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
- «Herdla - tidligere kommune i Hordaland» i Store norske leksikon
- Norsk Allkunnebok - VI. bandet, Oslo 1954.