Hilde Louise Asbjørnsen
Hilde Louise Asbjørnsen er ein musikar, tekstforfattar, komponist, revyartist og skodespelar, fødd i Sykkylven i 1976. Sjangermessig er Asbjørnsen grenseoverskridande. Ho har skrive og framført musikk med eige band i sjangrane jazz, pop og kabaret sidan 2000.
Asbjørnsen & Joh.
Hilde Louise Asbjørnsen, som er dotter til møbeldesignaren Svein Asbjørnsen og Ingjerd Asbjørnsen, starta si musikalske utvikling i heimkomunen Sykkylven. Ho tok pianotimar med Jenny Tynes, og fekk seinare undervisning i den kommunale musikkskulen med pianolærarane Åge Lade og Corrado Genta. Ho song også i det lokale gospelkoret Message. Då ho var 16 år kom ho med i aktivitetane til modellbyrået Piaf Modeller i Ålesund, og fekk her stimulert si interesse for dans og underhaldning. Etter fullført vidaregåande skule i Sykkylven reiste ho i 1996 til Oslo der ho tok bachelor i teatervitskap ved Universitetet i Oslo i 2001.
Parallelt med studia tok ho på seg oppdrag som skodespelar og var med i studenteateret. Det var her ho møtte Lene Kongsvik Johansen. Saman etablerte dei kabaretduoen Asbjørnsen & Joh. med referanse til dei kjende samlarane av folkeeventyr, Asbjørnsen og Moe. Duoen fanga publikum si merksemd med framsyningar i den satiriske og humoristiske sjangeren. Dei framførte sitt sjølvlaga stoff både på scena, i radio og på fjernsyn. Deira første show, Noraprisen, hadde premiere i 2000. Dei samarbeidde tett fram til 2008, då dei hadde sitt førebels siste samarbeidsprosjekt.
Jazzsongar
Samstundes som Hilde Louise Asbjørnsen skreiv tekstar og musikk for Asbjørnsen & Joh., byrja ho å skrive songar med engelske tekstar. Ho voks opp med ei mor som høyrde mykje på dei store jazzstjernene som Louis Armstrong, Ella Fitzgerald, Billie Holliday og Nat King Cole. Dette påverka henne nok meir enn ho var medviten om, og danna ei grunnlag som ho kunne nytte til å finne sitt eige uttrykk. Etter kvart kjende ho seg såpass trygg på stoffet og seg sjølv, at ho også kunne gje jazzlåtane ho komponerte tekstar på heimemålet.
Midt mellom ei serie plateutgjevingar med eigen musikk og eige band, var ho i 2006 vokalist på albumet "No vil eg vakne med deg". Dette var Monica Zetterlund-repertoar med nynorske tekstar av Edvard Hoem. I samband med dette gav ho konsertar både i Noreg og Sverige med m.a. Georg Wadenius og Jan Lundgren Trio.
Ønsket til Asbjørnsen om stadig å prøve nye sjangrar kom mellom anna til uttrykk gjennom samarbeidet ho i perioden 2007 til 2009 hadde med den svenske elektronica/jazz-duoen Koop. Saman med dei turnerte ho i Asia, USA og Europa som frontvokalist. Ho var også vokalist på Koops singel "Strange Love" i 2007.
I 2019 gav ho for første gong ut musikk internasjonalt, på det tyske plateselskapet Ozella Music. I samband med lanseringa av plata "Red lips, knuckles and bones" var ho med på konsert under Jazzahead i Bremen. Totalt gjennomførte ho og bandet hennar nærare 40 konsertar med musikk frå den nye plata.
Allsidig
Ved sida av musikarkarrieren har Asbjørnsen hatt mange oppgåver som skodespelar og kabaret-artist. I 2008 hadde ho hovudrolla i Riksteatrets musikal "Little Me", og i 2011 hadde ho hovudrolla i Oslo Nye Teaters oppsetjing av musikalen "The Producers." I 2014 hadde ho hovudrolla i "Ms. Adeleide" og i 2015 i oppsetninga av musikalen "Chicago" på det same teatret. I 2015 og 2016 gjennomførte ho fleire framsyningar av den eigenproduserte soloforestillinga "The Lulu show - livet er en dans på renter," som hadde premiere på Centralteatret i november 2015. Seinare vart det spelt ekstraforestillingar på Chat Noir Teater i Oslo.
I 2021 debuterte Hilde Louise Asbjørnsen som forfattar med boka Stardust. Der skildrar ho livet til åtte kvinnelege musikarar som kvar på sin måte sette preg på musikken og underhaldningsbransjen i første halvdel av det 20. hundreåret: Bokken Lasson, Mae West, Bessie Smith, Josephine Baker, Marlene Dietrich, Edith Piaf, Billie Holiday og Marilyn Monroe. Boka vart følgt av ei forestilling med same namn. Sceneversjonen av Stardust vart omtala som "ei nyfeministisk festforestilling om synd, skam, ekstase og ambisjoner på oldemors tid."[1]
I 2010 vann Asbjørnsen dirigentkonkurransen Maestro på NRK 1. To gonger, i 2010 og i 2016, har ho vunne Komiprisen." Ho fekk Sunnmørsposten sin kulturpris i 2019.
Hilde Louise Asbjørnsen er ein artist som det er umogeleg å setje i bås. Ho er nysgjerrig og har talent i mange retningar, og har utvikla ein stil som er gjenkjenneleg, og hennar eigen.
Plateutgjevingar
- Eleven Nights and Two Early Mornings - 2004
- Birdi Blues - 2005
- Sound Your Horn - 2008
- Never Ever Going Back - 2010
- Divin`At The Oceansound - 2011
- Månesjuk - 2012
- Round About Christmas - 2013
- Sweet Morning Music - 2014
- Don`t Stay For Breakfast - 2015
- Red lips, knuckles and bones - 2019
Forestillingar med Asbjørnsen & Joh.
- Noraprisen - 2000
- Nye Eventyr - 2002
- Sommereventyr - 2003
- I tykt og tynt - 2004
- Snusk, snadder og gruff - 2006
- Asbjørnsen & Johs sommersnadder - 2008
Kjelder:
- Heimeside www.hildelouise.com
- CV Hilde Louise Asbjørnsen, 2016.
- Hilde Louise Asbjørnsen: Stardust. Oslo 2021.
- ↑ Arrangøromtale før forestilling på Ibsenhuset i Skien 25.3.2021.