Historielaget for Orkdølafylket
Historielaget for Orkdølafylket vart stifta 5. januar 1920 i Trondheim. Lærar Inge Krokann leia møtet, og professor Halvdan Koht heldt foredrag om lokalhistorisk gransking.
På stiftingsmøtet vart det først vedteke lovar for laget, og deretter styreval, med ein mann frå kvar av dei 11 bygdene som gjekk saman om skipinga, med kvar sin varamann.
Kommune | Styremedlem | Varamand | Medlemstal 1921 |
---|---|---|---|
Opdal | Ola J. Rise | E. Mesloe | 78 |
Rennebu | Inge Krokann | M. Vold | 25 |
Bynes | Anders Skogstad | Klokker Aunan | 18 |
Meldal | Dr. Støren | Resel | 30 |
Orkland | Ordfører Hongslo | I. Monset | 11 |
Orkdal | Frits Skauge | L. O. Skaugen | 23 |
Orkanger | Aarvik | Edv. Henden | 11 |
Gjeitastrand | Ordfører Meland | Sletvold | 9 |
Børsa | B. Vinge | John Viggen | 2 |
Børseskogn | Mellingsæter | E. Bye | 2 |
Buvik | E. Husby | O. Presthus | 0 |
I alt 209 medlemer i 1921, nokre av dei busette utanfor heimbygdene.
Alt året etter gav laget ut årsskrift: «Orkdølafylket samlingablad og sagn og saga», der mellom anna foredraget av Halvdan Koht på stiftingsmøtet vart trykt. Det handla om opphavet til namnet på dalen og elva, Orkla.
Årspengane ser ut til å vere sett til kr. 5, og sekretæren sørgde for at namna på dei som hadde betalt kom i lokalavisa.
Kjelder
- Avisa Sør-Trøndelag på Nasjonalbibliotekets nettbibliotek 8. januar 1920, 23. juli 1921, 23. mars 1922