Hjelp:Nynorsk for bokmålsbrukarar
Er du vant til å skrive bokmål, men har lyst til å lære deg å skrive nynorsk, så finn du ein del tips på denne sida.
Nokre enkle hovudtips
Desse hovudtipsa dekkjer ikkje 100 % av språket, men rettar du deg etter dei, er du allereie på god veg til å skrive rett nynorsk.
Hv blir kv
I ord som blir skrivne med hv på bokmål får vi generelt kv på nynorsk:
- hva > kva; hvit > kvit; hvelve > kvelve
Framfor o blir hv til k:
- hvor > kor
Dialekt -ær og -a(r) blir -ar
Der mange søraustnorske dialektar har fleirtalsformer med -ær og -æne/-an(e), skriv vi generelt -ar og -ane på nynorsk, mens -er og -en(e) svarar til -er og -ene på nynorsk:
- ballær, balla(r) > ballar; bilæne, bilan(e) > bilane
- jenter > jenter; jentene > jentene
Ei, au og øy
I ord der bokmål varierer mellom monoftong og diftong (e/ei, ø/øy, ø/au), brukar vi alltid diftongforma på nynorsk:
- sten/stein > stein; røk/røyk > røyk; øst/aust > aust
Nokre ord som berre har monoftong på bokmål, har diftong på nynorsk:
- lørdag > laurdag
Dobbel og enkel konsonant
Mange ord som har dobbel konsonant på bokmål har enkel konsonant på nynorsk:
- gutt > gut
- glass > glas
Ein del ord har valfri enkel eller dobbel konsonant på nynorsk:
- kjøt(t); kjøk(k)en; velkom(m)en
Skriv tydeleg og forståeleg
Det er betre å skrive ting så rett fram som muleg enn å laga ein blomstrande og innfløkt tekst. Hugs at nokon skal lesa det du skriv!
- En undersøkelse ble bestemt foretatt omgående av det stedlige kommunestyre. > Kommunestyret der avgjorde at saka skal undersøkjast med ein gong.
Tren opp språkkjensla
Den enklaste måten å lære seg å skrive godt nynorsk er å trene opp språkkjensla. Dei fleste nynorskbrukarar les mykje bokmål, fordi dei ikkje har noko val. Men mange bokmålsbrukarar les sjeldan nynorsk, og målforma blir derfor oppfatta som framand. Les ein nynorske tekstar, blir ein tryggare på målforma, og det blir mykje lettare å skrive nynorsk.
Grammatikk
Pronomen
Dei fleste pronomena er like på bokmål og nynorsk:
- meg, min, mi, mitt, mine; du, deg, din, ditt, dine; han, hans; henne; det; vi, oss, vår, vårt, våre...
Enkelte former er likevel ulike:
- jeg > eg; hun > ho; dere > de / dykk (akk./dat.); de > dei ...
Verb
Linne (svake) verb
Svake verb deler vi i fire grupper etter kva endring dei får i preteritum. Dei fire gruppene kallast a-verb, e-verb, nå-verb og fortelje-verb.
A-verb
Det er to måtar å kjenne att a-verb:
- Samanlikning med talemålet: Dei fleste verb som endar på -a eller -æ i preteritum er a-verb på nynorsk.
- Je/æ/e dansa i går - danse er eit a-verb
- Samanlikning med bokmål: Verb som får endinga -et eller -a i preteritum på bokmål er a-verb på nynorsk.
- I går syklet/sykla jeg - sykle er eit a-verb
Verb som får -a i preteritum skal normalt ha -ar i presens:
- I går kasta vi ballen, men i dag kastar vi balltreet i staden.
A-verba bøyer ein slik:
- å kaste - kastar - kasta - har kasta
- å danse - dansar - dansa - har dansa
E-verb
Verb som får -de eller -te i preteritum, skal normalt ha -er i presens:
- I går kjente vi ingen her, men i dag kjenner vi dei fleste.
- I fjor studerte han i Oslo, og i år studerer han i Bergen.
Bruker ein klammeforma -te i preteritum blir desse verba bøygde som i bokmål.
Nå-verb
Nå-verb bøyer vi som på bokmål:
- å nå - når - nådde - har nådd
- å bu - bur - budde - har budd
Fortelje-verb
Fortelje-verba bøyer vi slik:
- å fortelje - fortel - fortalde/[-te] - har fortalt
- å velge - vel - valde/[-te] - har valt
Dei viktigaste verba i denne gruppa er:
- telje, krevje, spørje, smørje, gjere, symje, selje og skilje
Andre
Nokre verb som er sterke i bokmål er linne i nynorsk. Merk deg spesielt:
- å vite - veit - visste - har visst
- å hjelpe - hjelper - hjelpte - har hjelpt
- å treffe - treffer - trefte - har treft
Sterke verb
Substantiv
Nynorsk har tre kjønn: Hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Felleskjønn finst ikkje, så der ein på bokmål kan velje mellom hankjønn og hokjønn får ein nesten alltid hokjønn på nynorsk.
Hankjønn
Dei fleste hankjønnsord får -ar og -ane i fleirtal. Den ubundne («ubestemte») artikkelen er ein.
- ein gut - guten - gutar - gutane
- ein bil - bilen - bilar - bilane
Unntak er ord på -nad og -a, og nokre andre ord som får -er og -ene i fleirtal, med -ar og -ane som klammeformer.
- ein månad - månaden - månader - månadene
- ein gjest - gjesten - gjester - gjestene
- ein villa - villaen - villaer - villaene
Som på bokmål har nokre hankjønnsord omlyd. Desse får -er og -ene i fleirtal.
- ein fot - foten - føter - føtene
Hokjønn
Dei fleste hokjønnsord får -er og -ene i fleirtal, som på bokmål.
- ei jente - jenta - jenter - jentene
- ei bok - boka - bøker - bøkene
Unntak er ord på -ing, som alltid får -ar og -ane i fleirtal:
- ei kjerring - kjerringa - kjerringar - kjerringane
Enkelte ord, særleg einstavingsord som har med naturlandskap å gjera, får normalt -ar og -ane i fleirtal, men har sideformer med -er og -ene:
- ei elv - elva - elvar - elvane
- ei myr - myra - myrar - myrane
- ei øy - øya - øyar - øyane
Inkjekjønn
Dei fleste inkjekjønnsord har fleirtal ubunden («ubestemt») form lik ubunde eintal og -a i bunde fleirtal.
- eit hus - huset - hus - husa
- eit eple - eplet - eple - epla
Tre ord – auge, hjarte og øyre – kan òg ha ei eldre bøying, men for bokmålsbrukarar er det enklaste å bøye dei regelrett. Nokre framandord på -um kan, som på bokmål, ha uregelrett bøying; endinga -a kan anten leggast på ordet eller settast i staden for -um (pensuma eller pensa(a), faktuma eller fakta(a)). For ord på -ium blir -a alltid sett i staden for -um (akvaria, podia). Dette gjeld ikkje stoffnamn på -ium, som alltid blir bøygde regelrett.
- eit pensum - pensumet - pensum - pensuma eller
eit pensum - pensumet - pensa - pensa(a)
Talord
Rekkjetal
Dei fleste rekkjetala er like på bokmål og nynorsk:
- to tre fire fem seks sju åtte ni ti elleve tolv tretten fjorten femten seksten sytten atten nitten tjue tretti førti ...
Nokre tal har fleire former på bokmål. I desse falla brukar nynorsk dei tala som liknar på svensk og ikkje dei som liknar på dansk:
- sju/syv > sju; tjue/tyve > tjue; tredve/tretti > tretti
Merk særleg at ein har diftong i alle former på nynorsk:
- ein - ei - eit
Ordenstal
Hovudskilnaden mellom ordenstala på bokmål og nynorsk er at der bokmål har -ende har nynorsk -ande:
- sjuende > sjuande; femtende > femtande