Hogndalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hogndalen var ein plass under Kleivi (gnr. 100), som ligger ved Skarsvegen som går mellom Svartdal og Åmotsdal i Seljord kommune. Det er gamal gangveg frå hovudvegen og bort til Hogndalen. Seljordssoga fortel at plassen ble rydda mot slutten av 1700-talet.

Lavrants Knutson Vasstveit (1771- ) gift med syskenbarnet sitt Ingebjørg Tovsdtr. Dalen frå Svartdal (1771-) kom til Hogndalen i 1801. M.B.Landstad omtalar Lavrants som «ein kunnig mann». Han har óg uppgjeve ham som kjelde i arbeidet med innsamlinga av folkeviser. Sidan plassen Hogndalen låg ved den vegen Landstad reiste til Åmotsdal anneks, så var han nok ofte der.

Dei fekk 5 born på Hogndalen. Både sonen Tov og Olav var omgangsskulelærarar. Olav (1807-) var omgangsskulelærar frå slutten av 1820-åra til han reiste med broren, Halvor (1810-) til Amerika. Olav ble óg lærar i Amerika, og fekk Certificate for det i 1846. Han gifte seg med Bertha Marie Ellefsen frå Kragerø i 1850-åra. Dei fekk mellom anna ein son, Karl Lawrence, som som skal ha vore på besøk i Flatdal i 1934 saman med ein av sine søner. Dei ville sjå kvar bestefaren var komen frå. Dei traff ingen som kunne vise dei Hogndalen.

Lavrants Vasstveit blei farfar til atomforskaren og nobelprisvinnaren Ernst Orlando Lawrence ( -1958) ved universitetet i California. Han blei omtalt som «et av de mest lysende navn i moderne videnskap». I 1940 fekk han Nobelprisen i fysikk som oppfinnar av syklotronen, populært kalla atomkanonen.

Hogndalen blei brukt til slåtte og staule til 1940-åra.

Litteratur

Bind II «Gardar og ættir i hovudsokne og Flatdal sokn»
Bind III «Gardar og ættir i Flatdal sokn (framhald frå II band.) og Åmotsdal sokn», «Ymse lag i heradet» og «Rettingar til band I, II og III».
  • Aakre, Harald: Skarsvegen. Svartdal, 1991.
  • Høgehaug, Olav/Trygve Nes: Ættesoge frå Øvre Telemark. Skien, 1997. ISBN 82-992218-6-2.

Eksterne lenker