Hol gamle kyrkje
Hopp til navigering
Hopp til søk
Koordinater: 60°36′54″ N 8°18′0″ Ø
Hol gamle kyrkje | |
---|---|
Foto: Svein-Magne Tunli
| |
Stad: | Hol |
Byggeår: | 1200-talet |
Endringar: | Ombygd og restaurert fleire gonger. |
Kyrkjesamfunn: | Før 1537: Den katolske kyrkje Frå 1537: Den norske kyrkje |
Bispedøme: | Tunsberg |
Prosti: | Hallingdal |
Prestegjeld: | Hol |
Fellesråd: | Hol |
Sokn: | Hol og Hovet |
Periode: | Romansk |
Materiale: | Tømmer |
Preikestol: | 1696, skåret av snekker Wærch. |
Døypefont: | 1674. |
Altartavle: | 1703, «Nattverden». |
Sitteplassar: | 180 |
Hol gamle kyrkje i Hol i Hallingdal blei truleg oppført på 1200-talet, og er den eldste i kommunen. Første gong ho nemnast er i eit skriv frå 1328, og ho vert då skildra som ei lita stavkyrkje med svalgang. Apsis står truleg att frå den eldste bygningen, og truleg er golvet laga av stavar frå stavkyrkja. Slik ho står nå er veggane lafta med ytre og indre bordkledning; berre i apsis er det stavverk.
Kyrkja har blitt utvida og ombygd fleire gonger. Det skjedde ein gong på 1500-talet, i 1697, 1798–1799, 1888 og 1938.
På kyrkjebakken står dei to gamle bygningane Prestestugu og Tingstugu. På Prestestugu overnatta prestane i tida før Hol fekk eigen prest.
Galleri
Kjelder
- Christie, Sigrid Marie og Håkon Christie: «Hol gamle kirke» i Norges kirker.
- Hol gamle kirke på Wikipedia på bokmål og riksmål