Hole krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hole skule
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Hole krins (Sætre) i gamle Breim kommune hadde først skulestad på Sætre. I frå 1922 vart Hole krins og Bjørnarheim krins slegne saman til Hole krins med nytt skulehus på Hole.

I frå krinsreguleringa i 1860 var det 24 vekers skule og ein full lærarpost i Hole krins. Alt under krinsreguleringa i 1890 vart det lagt fram forslag om å slå saman Hole og Bjørnarheim krinsar, mem det vart ikkje gjort før i 1922.

Skulehus

Sætre skule

  • Byggeår: 1865
  • Fungerte som skule: 1865-1922
  • Anna bruksområde: Skulehuset vart flytta til Høygardane (Dale) krins. Der fungerte bygget som skule frå 1922-1949.

Hole skule

  • Byggeår: 1922
  • Fungerte som skule: 1922-1970
  • Anna bruksområde: Grenda tok over bygget i 1970. Frå 1986 vart bygge nytta til slåttebarnehage, seinare permanent barnehage. I dag er bygget grendahus.

Skuledagen

Brita J Sæthre fortel om skuledagen i heftet, Skulane i Breim 1739-1989: "Skuletida var ei god tid. Eg hadde gilde lærarar og ser tilbake med stor takksemd mot dei. Dei gav meg verdiar som er gilde å minnast. Krispinus Førde, som eg hadde lengste tida, byrja som regel dagen med songen, Syng i stille morgonstund, og til slutt på dagen, Dagens auga sloknar ut."

Skulevegen

Dei fleste elevane som gjekk på skule på Sætre hadde lang skuleveg og hadde niste med seg. Dei som budde på Sætre, sprang heim til middag i langfrikvarteret, men dei tykte det var eit minus. Nista bestod for det meste av brødskiver eller potetkaker. Det hende at nokon hadde med seg komparar på spann, då vart det feststemning.

Lærarar

Etternamn Fornamn Føydd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Hole Lars Sætre skule 1865 1879
Førde Krispinus J. Sætre skule 1879 1919 Fekk kongens fortenestemedalje for arbeid i skulen i 51 år og 9 mnd.
Verlo Mari Sætre skule 1891 1904
Moldestad Kristi Sætre skule 1904 1918
Hunskaar Aren Sætre skule 1917 1920
Aaland Maria Sætre skule 1918 1920
Hole Magnhild Sætre skule 1921 1922
Rognebakke Olav Sætre skule 1920 1922
Tisthamar Synnøve Hole skule 1922 1924 Lærar for småskulen og vikar for storskulen 1922-1923
Aa Jakob Hole skule 1923 1960 Lærar for storskulen
Støyva Rakel Hole skule 1924 Lærar for småskulen
Skarm Karoline Hole skule Lærar for småskulen
Glomnes kristianne 1870 Sandal skule, Bjørnaheim skule, Gåsemyr skule, Reed skule, Høygardane skule, Hole skule, Årdal skule Lærar for småskulen
Myklebust Kristi Hole skule 1948 Lærar for småskulen
Apalseth Rakel Støyva Hole skule 1948 1969 Lærar for småskulen
Myklebust Dagfinn Hole skule 1960 1969 Lærar for storskulen

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.742847° N 6.484788° Ø