Hotellvegen (Tokke)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hotellvegen sett austover med Dalen hotell i enden.
Foto: Roy Olsen (2020).
Hotellvegen sett austover frå Nestestogvegen.
Foto: Roy Olsen (2020).

HotellvegenDalen i Tokke kommune er 506 meter lang og går austover frå Storvegen i krysset med Nestestogvegen. Ved Dalen hotell gjer vegen ein krapp sving nordover og ender igjen i Storvegen.

Vegen har namn etter Dalen hotell.

Dalen hotell vart teikna av arkitekt Haldor Larsen Børve og opna i 1894. Det er bygd i nasjonalromantisk stil, nærast dragestil, med tårnoppbygg, spir og utspring. Med sine 4500 m² er hotellet ein av dei største trebygningane i Noreg, og det siste som er att av dei store trehotella frå slutten av 1800-talet.

Kilder


Koordinater: 59.44502° N 8.00481° Ø