Husmenn på Opphaugen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Husmenn på Opphaugen tek føre seg folket på fleire husmannsplassar under Opphaugen i Fedje kommune.

1. Berntina Berntsd Berle f. 1859 Kopper (gnr 168 bnr 2-12aa) d. 1897 g. 1891 m. Mikal Andreassen f. 1871 Hesteneset (gnr 169 bnr 5-1g) d. 1959. Begge tente på Hellisøy fyr i folketeljinga 1891. Plassfolk her frå om lag 1893, dei budde først som innerstar på Kopper. Etter utskiftinga i 1896 vart huset ståande på den delen av Vika som ligg mellom Brotet, Børo og Tangane, sjå kart.

Born: a. dødfødd son f. 1891. b. dødfødd son f. 1894. c. Ragna Andrea Mikalsd f. 1895 d. 1982 g. 1917 m. Ingvald Benjamin Sørensen Norheim f. 1894 Byrknes d. 1937, budde der (sjå Gulenb. III s 227).

Mikal flytta med dottera Ragna til Byrknes i 1897. Der vart han g.2.g. 1898 m. enkja Gurina Persd f. 1849 Li, Gulen d. 1915, og 3.g. 1917 m. Amalie Persd f. 1884 Søreide, Fjaler i Sunnfjord d. 1978. Jf Gulenb. III s 259 og s 275.

2. Kristine Endresd f. 1870 Vika (gnr 168 bnr 28-14e) d. 1946 g. 1896 m. Martin Karlsen Berg f. 1874 (gnr 168 bnr 21-10a) d. 1953 budde her etter nr 1. Ifølgje folketeljinga i 1900 eigde dei huset sjølve. Om lag 1901 flytta dei til Børeneset, jf Børo gnr 168 bnr 24-20. Så bygde dei på Berge (gnr 168 bnr 21-11), der familien er ført. Huset her vart rive og materialane truleg brukt på Berge av far til Martin, sjå nr 10 der.


Fedje komm.svg Husmenn på Opphaugen er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Opphaugen (Fedje gnr 168 bnr 13) • Neste bolk: Oppdal (Fedje gnr 168 bnr 69)