Høydalsmo

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Høydalsmo sentrum i 1969.
Høydalsmo sentrum i retning Seljord.
Foto: Jørgen Høydalsmoen, 1925 / Vest-Telemark Museum

Høydalsmo er ein tettstad i Tokke kommune i Telemark. Staden har fått namn frå garden der kyrkja stend på Høydalsmoen. Staden ligg ved E134, mellom Morgedal og Åmot. Fylkesveg 45 startar her og gjeng vidare til Setesdal. Ein person som kjem frå Høydalsmo vert kalla for ein "høysekk".

Høydalsmo er ei skibygd, og Løypemøte på Ofte i 1866 skal vere det fyrste skirennet som vart arrangert nokon stad i historia.