Ingeborg Håkensen Lindholm

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Ingeborg Haakensen Lindholm»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravsteinen til Ingeborg og Hans Håkensen Lindholm på kyrkjegarden i Nordlia.
Foto: Jorun Vang (2008)

Ingeborg Håkensen Lindholm (fødd 17. desember 1899 i Jostedalen, død 8. juni 1989 i Østre Toten) var dotter av Jetmund Olsen (1875-1960) og Sigrid Nilsdotter Ormberg (1866-1948). Då Ingeborg vaks opp, budde familien som innerstar hjå besteforeldra på garden Ormberg i Jostedalen.

Ho flytta i mellomkrigsåra til Toten, truleg etter at ho hadde vore med på ei fedrift over fjellet frå Sogn. Ho kom fyrst til Kolbu, men flytta seinere til Nordlia, der kjenningar frå Jostedalen alt hadde slege seg ned. Ingeborg var ein fjern slektning av Torborg Leirdal på garden Skattum, og denne kontakten kan ha medverka til at ho etter kvart fekk arbeid som budeie på garden Stor-Nøkleberg.

På Nøkleberg vart ho kjend med Hans Håkensen Lindholm (1893-1993), og dei gifte seg. Ekteparet, som fekk sonen Håkon, budde i huset Linnholm (Lindholm) nedafor Nøkleberg. Hans arbeidde mellom anna som bygningssnekkar.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker