Ingeborg Kristine Sæthre (1873–1944)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingeborg Kristine Sæthre, frå Våre falne.

Ingeborg Kristine Sæthre (fødd 3. september 1873 i Hosanger, død 1. mai 1944 i Bergen) var husmor i Bergen, og eitt av ofra for eksplosjonen på Vågen.

Ho var dotter av sjømann Christian Simondsen (1832–1920) og Anna Simondsen f. Jakobsen (1839–1922).

I 1895 vart ho gift i Bergen med snekker Ingvald Johan Sæthre (f. 1871), og dei fekk to born: Egil (f. 1896) og Anny (f. 1901). I folketeljinga 1900 finn vi ho med sonen i Vestre Muralmenning; mannen var mellombels fråverande.[1] Frå 1910 og utover finn vi dei saman i Strandgaten 127.[2]

Den 20. april 1944 ekploderte eit farty lasta med sprengstoff i Vågen i Bergen. Heimen til Ingeborg Kristine og Ingvald Johan Sæthre raste saman, og ho vart hardt såra. Ho døydde av skadane den 1. mai 1944, og vart gravlagd i Bergen.

Referansar

  1. Ingeborg Sætre i folketeljinga 1900 for Bergen kjøpstad frå Digitalarkivet.
  2. Sjå Ingeborg Kristine Sæthre i Historisk befolkningsregister.

Litteratur og kjelder