Ingeborg Søndenå

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingeborg Søndenå med malmlass på hestekjerra. Dette er logoen til Ingeborg Handverk S.A., og logoen er teikna av Elisabeth Hellerdal Fosstveit.

Ingeborg Søndenå (1851-1891) kom frå Birkeland i Sauda. Ho arbeidde som hestekøyrar i sinkgruvene i Allmannajuvet. Ingeborg vart kjend for å køyra to hestelass frå der andre berre greidde eitt, og endåtil kunne ho spøta (strikka) medan ho køyrde[1].

Songen om Ingeborg

Den lokale diktaren Bjørn Ljung har skrive ein song om Ingeborg med tittelen "Gløym meg aldri":

Ved Juvastøl kanjon i Allmannajuvet

der bilane hovudstups hastar forbi,

eg skimta på hi sida elva ei gruve –

ein draum og ei von frå ei gløymd, gamal tid.

- - -

Eg rusla opp vegen til slagget og stollen,

i kvitveis og far etter stordrift ein gong.

Då høyrde eg vårmjuke tonar frå vollen –

ved trollstien sat der ei hulder og song:

- - -

Du er orda i mi sorg.

Eg er krafta i di jord

angen av ein nattfiol.

Gløym meg aldri - eg er Ingeborg.

På toppen av malmen som bergingsvon blenkte –

på tospente, tunge og langsame lass

med tarm og med spøt - og med gråt - sat ei jente

og drøymde ein ljosare, varmare plass.

- - -

Du er varmen i min vår.

Eg er såret ditt som gror.

Lengten frå ein nattfiol.

Gløym meg aldri - eg er Ingeborg.

- - -

Det går som eit sukk gjenorn nattstille lier.

Stilt er det i laget. Og feiselens klang

skal aldri meir klinga til slusken si vise

og lokka frå Juvastøl glimande malm.

Du er såkorn i mi mold.

Eg er krossen i ditt spor,

styrken i ein nattfiol.

Gløym meg aldri - eg er Ingeborg.

- - -

Stille smyg natta om sotsvarte vegger.

Frå taket dryp vatn på draumar som var.

Eit ekko frå fossen er hamrar og slegger

som jamrar og syng i eit botnlaust skar.

- - -

Du er hauststorm i ei osp.

Eg er bladet, raudt som blod.

Sommarfugl hjå nattfiol.

Gløym meg aldri - eg er Ingeborg

Ingeborg Handverk

Ingeborg Handverk S.A. er eit samvirkeforetak som strikkar ulike handverksprodukt til sal i Allmannajuvet[2]. Dei fem kvinnene i foretaket utvikla produkta i samarbeid med arkitekt Peter Zumthor. Namnet har dei henta frå si inspirasjonskjelde, Ingeborg Søndenå.

Referansar