Ingeborg Strømme

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ingeborg Strømme (fødd 28. april 1886, død i august 1955) var utdanna lærar ved Volda lærarskule i 1909. Ho var fødd på Møkster i Austevoll kommune, og var dotter til lærar, klokkar og ordførar Ole Strømme (1856-1940) og Martha Eliasdotter Møgster (1857-1938).

Frå 1910 til 1917 arbeidde ho i Ørskog kommune på Sunnmøre, og frå 1917 til 1942 på Selbjørn og Lunnøy skular i Austevoll.

Ordninga var slik at ho arbeidde to veker ved Selbjørn skule og to veker ved Lønnøy-skulen. Ho hadde eigen bustad på Selbjørn-skulen,[1] men budde i eit privathus på Lunnøy. Rommet ho budde i der, fekk namnet Lærarinneværelset, og heiter det same i 2023. I dette huset vaks det opp ni ungar, og ho hadde alle på skulen. Så lenge søskena levde, snakka dei ofte om den grundige opplæringa dei fekk hos Ingeborg Strømme.

I er ho oppført som Ingeborg Strømme Horgen, og dødsdatoen manglar.[2]

Fotnotar

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!