Ole Strømme

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Strømme var lærar og kyrkjesongar. Han var den første ordføraren i Austevoll, og hadde dette vervet i 15 år. For dette og anna arbeid vart han tildelt Kongens fortenestmedalje
Foto: Austevoll Menighetsblad 1940.

Ole Strømme (fødd i Fjell 12. juni 1856, død i Austevoll 14. april 1940) var lærar og klokkar i Møkster soknekommune og ordførar i Austevoll kommune.

Strømme voks opp på garden Straume i dåverande Fjell kommune i Hordaland. Før han vinteren 1875 las privat med soknepresten i kommunen, Jacob von der Lippe (1797-1878), var han fiskar og gardsarbeidar. Same året vart han teken opp på Stord Seminarium der han tok lærarprøva i 1877. Han var i kort tid huslærar hos ein mølleeigar i Fjell før han i 1878 vart tilsett i to skulekrinsar i Austevoll der han vekselvis underviste to veker ved to skular. Han han lærar i 45 år.

Ole Strømme gifte seg med i 1885 med Marta Nilsina Eliasdotter Møkster (1857-1938), og dei fekk 11 barn. Eldste dottera, Ingeborg, utdanna seg til lærar.

Strømme var den første ordføraren i Austevoll då kommunen vart skilt frå Sund kommune i 1886, og dette vervet hadde han til 1901. Han var dessutan medlem i skulestyret i Møkster soknekommune i 40 år, og i fleire periodar var han leiar. I tillegg hadde han fleire andre tillitsverv, mellom anna revisor for overformynderiet i Søndre Bergenhus amt, revisor i Sund og Austevoll Sparebank, takstmann for Den norske hypotekbank i 28 år og medlem og kasserar i Møkster sokneråd. Det lengste vervet, klokkar i Møkster kyrkjeStolmen, hadde han i 55 år, frå 1878 til 1933.

Ved Stord lærarskule gjekk Strømme saman med mange som var opptekne av at nynorsk skulle takast i bruk som offisielt skriftspråk. Strømme var ein ivrig målmann og aktiv i mållaget ved skulen saman med t. d. Oddmund Vik som seinare var statsråd og nynorskforkjempar på nasjonalt plan. [1] Strømme heldt på landsmålet [2], og var ein av pådrivarane for å få innført nynorsk i skulen, kyrkja og kommuneadministrasjonen i Austevoll kommune.

Å føra inn nynorsk i Austevoll kommune var ei vanskeleg oppgåve for motstanden mot språkskiftet var sterk. Saman med nokre få andre prøvde Strømme å overtyda herads- og skulestyret om å innføra nynorsken som opplæringsmål, men dei mislukkast. Motstanden viste seg allereie i 1888 i Austevoll skulekommisjon (skulestyret) sin uttale til den nye skulelova i 1889 der det vart uttrykt at landsmålet ikkje måtte koma inn i skulen og «forkvakle Undervisningen. Børnene har nok at gjøre med det Maal de kjender». [3] Dessutan var det til dels sterk motstand både mot innføring av Blix-salmane, Nynorsk salmebok og liturgien i kyrkja.[4] Sjå også Språkskiftet til nynorsk i Austevoll.

Ole Strømme vart heidra med Kongens fortenestmedalje.

Referansar

  1. Hovdan-protokollane s. 166
  2. Hovdan-protokollane s. 166
  3. Lokalhistorie i Austevoll
  4. Hovdan-protokollane s. 166, Eide 1992 s. 60

Kjelder og litteratur

  • Eide, Arne: Møkster kyrkje gjennom tidene. Festskrift til hundreårsdagen. 1892 – 1992. Utgjevar Møkster sokneråd 1992.
  • Espeland, Arne: Norske skolefolk, Dreyer, 1934 hos Nasjonalbiblioteket.
  • Historisk befolkningsregister.
  • Norsk målreising. Målskiftet i heradi. 1865-1940-195... Handskriven protokoll av Peder Hovdan, i Arkiv for norsk målreising ved Nynorsk kultursenter i Ørsta.
  • R. R. (Rasmus Ringdal): «Klokkar i 55 år.» (Om Ole Strømme). I Austevoll Menighetsblad. April 1933.
  • R. R. (Rasmus Ringdal): «Klokkar O. Strømme». I Austevoll Menighetsblad. Konfirmasjonshelg 1940. (Nekrolog over lærar, klokkar og ordførar Ole Strømme)
  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll. Gard og ætt I. Møkster sokn. Utgjevar: Austevoll herad 1978. S. 545.