Ingvar Ødegaard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ingvar Ødegaard (fødd 19. juli 1903 i Lo i Svenes, i Nord-Aurdal, død 23. desember 1988) var forfattar og prost.

Han var son av bonde Thor Ødegaard og Dorthea f. Strand. Ingvar Ødegaard levde dei fyrste barneåra på Øydgarden, på vestsida av Strandefjorden, til foreldra selde garden sin i Lo og kjøpte Inndal, ein større gard ved Reinsvoll i Vestre Toten. Der, og på Gjøvik, vart det då Ingvar hadde sine ungdomsår og der han gjekk på skule. Han hadde fem sysken: Syver, Martin, Margit, Knut og Ingrid. Av desse var det tre som kom til Valdres att. Syver overtok Nordstrønd etter morbror sin, Knut kjøpte att Øydgarden og Ingvar kom som sokneprest til Nord-Aurdal.

I gymnasåri på Gjøvik vart han kjend med Ingeborg Ingvaldsen. Dei gifte seg og fekk to døtre: Turid og Ingrid. Turid bur med sin familie i Skoger. Ingrid er gift med Ivar Aars og bur på Leira.

Etter artium for Ingvar til Oslo for å studere realfag. Men andre tankar kom etter kvart. Han tok ei avgjerd om å studere teologi i staden, og det angra han aldri på.

Etter endt presteutdanning, var han først konstituert lektor i Narvik 1930-32. Deretter stiftskapellan i Hamar bispedømme 1932-35. I 1936 vart han utnemnd til sokneprest i Trysil og virka der til han i 1948 fekk soknekallet i fødebygde. I 1951 vart han utnemnd til prost i Valdres prosti. Her var han til han i 1971 gjekk av for aldersgrensa og flytte til Gjøvik. Han og kona bygde seg ein villa hjå systera Margit og svogeren Sverre Wasenius. På Gjøvik fekk dei mange gode år sjølv om dei båe måtte prøve motgang med helsa.

Ingvar Ødegaard var ivrig for nynorsk og bruka det i salmedikting og det han elles skreiv. I studietidi sette han om mange skrifter og artiklar frå bokmål, og han gjendikta ein del salmar.

I bladet Valdres hadde han ein teig: «Helg og kvardag» der ein fann artiklar, preiker, dikt og salmar av han. Sermerkte minnedikt er det òg mange av frå hans hand. Ein språkmeister var han både i tale og skrift. Han var kjend som ein klok mann med visdom og stor kunnskap.

53 år hadde Ingeborg og Ingvar Ødegaard saman, av dei 23 år i Valdres. Prestegarden i Aurdal var som ein venleg heim der paret med omsorg og varme tok mot dei som kom. Det var inga stivt embetsmannshus, men ein stad for trivnad, forståing og glede. Dei fem barneborni hadde ein fin stad å koma til.

Ingvar Ødegaard vart 85 år gamal. Han somna inn vesle joleftan 1988 og vart gravlagt ved si barndoms kyrkje ved fjorden.

Bibliografi

  • Tankar om soningsverket. Paul T. Dreyers forlag, 1987.
  • Grunnstein god: salmar, salmeomsetjingar og dikt. Eige forlag, 2014.

Kjelder

Sjå også