Ivar Refsdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivar Refsdal i 1890-åra.
Foto: Laura Jensine Helgesen.

Ivar Refsdal (fødd 6. april 1866 i Vik i Sogn, død 4. april 1939 i Oslo) var lærar og kartograf. Han sto bak ei rekkje bykart, men er særleg kjend for atlas og veggkart for bruk i skulen.

Slekt og familie

Han var son av lærar, gardbrukar og stortingsrepresentant Anfinn Larsen Refsdal og Anna Bentsdotter Risløv (1839–1869).

Den 31. mars 1896 vart han gift med lærar Kristine Marie Rasmussen (1865–1934), som var dotter av skipsførar Christen Abel Rasmussen og Margrete Larsdatter Gundersen. De fekk fire born:

Liv og virke

Han mista mora som treåring, og vaks opp i ein heim med ein bokinteressert og pietistisk far og ei stemor – faren var gift tre gonger. Anfinn Refsdal var mellom anna emissær, og vart gripen av den johnsonske vekkingsbølgja i 1860-åra.

Ivar Refsdal tenkte tidleg på å verte forfattar og biletkunstnar, men satsa i staden på lærarutdanning. Han vart uteksaminert frå Hamar seminar i 1885. På den tida hadde han ikkje eit godt forhold til faren, truleg mest på grunn av at han hadde eit anna kristendomssyn. I 1886 fekk han lærarstilling i Herand i Hardanger. I 1889 fekk han ny jobb i Arnafjord, og i 1892 til 1901 var han lærar i Arendal. Flyttinga frå Arnafjord til Arendal fann stad etter ein konflikt med foreldre som ikkje støtta han i å innføre landsmål i storskulen. i 1901 fekk han jobb på Foss skole i Kristiania, der han var til han i 1926 vart kartograf på heiltid. Tida i Kristiania var lettare for han, og han vart rekna som ein god lærar.

Kartteikninga ser ut til å ha vore eit resultat av ei sterk interesse for geografi og eit kunsnerisk talent. Det første kartheftet han fikk prenta kom i 1897, og var ei oppsummering av stortingsvalet 1897 i kartform. Han laga samstundes eit lite atlas for skule og heim, som han fekk god respons på. I 1902 laga han så eit verdsatlas som Aschehougs forlag gav ut. I 1906 kom så Refsdals skuleatlas,. som i 1968 kom i sin 20. utgåve. Dette var gjennom meir enn eit halvt århundre eit standardverk i skulen. Det gjeld òg Skolekart over Norge i 2 blade, eit veggkart som kom i 26 utgåver frå 1904 til 1971. Han teikna òg ein serie med tre kart over Noreg, Europa og verda, og eit kart over Norden som kom i åtte utgåver fra 1911 til 1970. Ei serie med tre kart over Noreg vart utgjevne fleire gonger frå 1914 til 1968. Det vart òg mange kart til oppslagsverk, almanakkar og lærebøker.

Refsdal sine kart er tydeleg utforma av ein kunstnar, og ikkje ein reint teknisk kartteiknar. Han nytta ein skravurteknikk, der fjell og dalsider får ei teikna utforming i staden for symbolske fargar. Han var ein god kalligraf, og skreiv på alle namn for hand. Han valde å halde seg til vedtekne stadnamn, og sjølv om han var aktiv som målmann nytta han ikkje høvet til å fornorske stadnamna. Då han døydde omtala Norsk Skuleblad han som ein av våre største kartografar.

Eit visst forfattarskap vart det òg, i form av dikt og noveller som vart trykte i tidsskrift, men som aldri har vorte publisert samla.

Sonen Anfinn Refsdal tok over ansvaret for å gje ut karta etter hans død.

Eit privatarkiv etter Ivar Refsdal er hjå Vik lokalhistoriske arkiv.

Døme på kart

Litteratur og kjelder