Jakob Peerson Bae

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jakob Peerson Bae (1777-1839) var fødd i Kristiansund i 1777. Foreldra var Peder Jakobsson Bae (f. 1745) og Marie Iversdtr. Schanke (f. 1755). Dei fekk etter ei tid bygsel på Honningsøya i Kvernes prestegjeld, der dei også dreiv fiskehandel. Jakob Peerson skal ei tid ha vore skipsførar, før han i 1807 gifte seg med enkja Erica Lund Peerson (d. 1811) i Vika på Bud. Den tidlegare ektemannen til Erica Lund, Marcus Peerson (d. 1806), var innehavar av både gjestgjeveriet Riddarsalen og landhandel i Bud. Jakob Peerson og Erica Lund dreiv gjestgjeveriet vidare, og i 1812 kjøpte Jakob Peerson handelsstasjonen Vika i Bud for 444 rdl. Handelsverksemda vart driven med leigd hjelp, medan Jakob dreiv fiskeoppkjøp, tørking av fisk og notbruk. Han gjorde turar til Bergen og hadde handelskontaktar i Kristiansund. Ekteparet disponerte også jord i Bud. Utover på 1820-talet kom Jakob Peerson i ein vanskeleg økonomisk situasjon, noko som medførte at han både miste landhandelen og etterkvart måtte selje gjestgjeveriet. Kjøparen av gjestgjeveriet, sokneprest Ole Frost, let likevel Jakob få halde fram med å drive verksemda. I ekteskapet med Erica Lund fekk Jakob to born. Erica Lund døydde i 1811, og skiftet viser stor velstand med eit bu som omfatta over 1 000 rdl. I 1818 gifte Jakob seg med Ingeborg Marie Høyem (1796-1859), dotter til sokneprest Andreas Høyem i Aukra. Saman fekk dei sju døtre. Jakob Peerson Bae døydde 16. mars 1839.

Jakob Peerson Bae vart vald til valmann for Bud prestegjeld våren 1814.

Kjelder:

  • Arne Magerøy: «Ei familiesoge frå Bud på 1700-talet», Gammalt frå Fræna 1981, s. 34-37.
  • A. M. Magerøy: "A.I. Høyem – hans ætt og etterslekt", s. 23-26.