Jennie Karoline Abrahamsen (1898–1943)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Jennie Karoline Abrahamsen f. Sørensen (fødd 7. mai 1898 i Risør, død 16. november 1943 i Tinn) var ein av dei omkomne under bombinga av Vemork 16. november 1943.
Ho var dotter av John Sørensen (f. 1855) og Martha Sørensen f. Larsen (f. 1865).
I 1925 vart ho gift på Rjukan med Tor Nikolai Abrahamsen (1899–1943). Både ho og mannen omkom under åtaket, og vart gravlagde i Risør.
Litteratur og kjelder
- Jennie Karoline Abrahamsen i Historisk befolkningsregister.
- Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1949, bd. 1 Digital versjon på Nettbiblioteket.