Jens Tvedt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jens Tvedt (1857-1935)

Jens Tvedt (fødd 1857 i Kvinnherad, død 1935) er ein av dei store heimstaddiktarene i norsk litteratur. Få har skildra bygde- og bondeliv på Vestlandet på same vis som han. «Han var en folkelivsskildrer av rang, ekte i sin kjensle og trøysom i sin fortellermåte. Ingen vil angre på å lese ham», skreiv Knut Hamsun om han. I tillegg var Jens Tvedt ein pioner innan det offentlege bibliotekvesenet, som sjefsbibliotekar ved Stavanger bibliotek i ei årrekkje. Han var halvbror til Johannes Tvedt, som var lensmann i Tysnes.

Barndom og ungdomsår

Jens Tvedt vart fødd i Omvikedalen i Kvinnherad, som son av fanejunker Johannes Tvedt (1817-1918) frå Tveito og Kristi Jensdotter Lund frå Øye på Snilstveitøy. Begge foreldra skal ha vore gode forteljarar, men samstundes rådde pietismen i heimen, som elles i heimbygda. På den andre sida abonnerte faren på fleire aviser og tidsskrift, som den første i bygda, og kjøpte dessutan bøker, og ettersom han ikkje dreiv gard slapp Jens Tvedt unna det daglege slitet i oppvoksteren. Han fekk dermed betre tid enn sine jamnaldrande både til lesing og andre syslar. Ein yngre bror av farfaren lærte han å binda inn bøker, og i ungdomsåra tente han såleis sine første skillingar på å binda inn bøker for både presten og «baronen» i Rosendal.

Samstundes byrja han også å skriva sjølv. Han gav ut ei avis som vart lese av mange i bygda, og tok til å skriva for ymse barneblad, som For hjemmet og skolen og seinare med fortellingar i blada Vårblomsten og Børnenes blad. Etter kvart han meir uvøren i omtala av personar og tilhøve i bygda i avisa si, så det enda med at faren til slutt la ned forbod mot ytterlegare publikasjonsverksemd.

Jens vart teken med på fleire av faren sine utskiftingsreiser for å hjelpa til med rekneskap og skriving, og fekk etter kvart plass på "baron" Rosenkrone sin ungdomsskule i Rosendal. Utanom skulegongen tok han seg også arbeid på handelslaget i Rosendal og vart seinare kontorist hos futen, presten og lensmannen.

I 1876 tok han til som elev på Stord seminar. Her møtte han eit aktivt landsmålsmiljø, og mellom medelevane vart han kjend med den seinare skulemannen og statsråd Oddmund Vik, som stifta eit mållag på Stord. Tvedt byrja også å sysla med bladutgjeving att, som redaktør for den handskivne Gjengangeren. Han vart også ein ihuga Venstre-mann på denne tida, og både målsak og politiske ideal heldt han trufast ved livet ut.

Jens Tvedts barndomsheim i Omvikdalen. Foto: Jorunn Ripel

Lærar og bibliotekmann

Hausten 1878 vart Tvedt tilsett som vikarlærar ved folkeskulen i Fana, og på nyåret 1879 i Mauranger. Hausten same år fekk han så ei fast lærarstilling i heimbygda. Frå første stund var han ganske aktiv. Han stifta eit samtalelag i bygda. Av dei utførlege referata som er tekne vare på ser me at det vert heldt ei rekkje møter, med diskusjonstema som «Prylestraff i skolen», «Gymnastikk i skolen», «Dødsstraff eller ikke» , «Kongedømme og republikk», «Kortspill og dans», «Jenteskolene» etc. Tvedt prøvde å reinska opp i gammalt tankegods i bygda, men utan å lukkast. Det var først då han slutta som lærar at bygdefolket viste seg å setja pris på lærargjerninga hans: «ungane gret som dei skulle vera dengde,» sa ein av tilsynsmennene som var til stades under avskilsmøtet med elevane.[1]

Etter tre år i Omvikedalen gjekk ferda vidare til Stavanger, der han vart verande livet ut. Hausten 1882 tok han til som lærar ved Storm mellomskole. Her gjekk han i gong med å starta opp bladet Heimdal, med vaksen ungdom som målgruppe. Han fekk med seg nokre yngre lærarar i skriftstyret, mellom dei Karen Sundt. Men etter kvart fall medarbeidarane frå, og Tvedt vart sitjande åleine med det meste av arbeidet. Likevel heldt bladet fram med å koma ut i endå to og eit halvt år.

I 1884 gifta han seg med Gudrun Gjøstein, søster av politikeren Ole Georg Gjøsteen.

Jens Tvedt arbeidde som lærar fram til 1899. Då Stavanger bibliotek flytta inn i nye lokale i 1901, vart Jens Tvedt tilsett som hovudbibliotekar. Han hadde då vore knytta til biblioteket som assistent sidan oppstarten i 1885. Han vart sitjande som biblioteksjef heilt fram til 1935, då han gjekk av etter femti år i biblioteket sin teneste.

Forfattarskap

På slutten av 1870-åra møtte han Knut Hamsun, som den gongen var ein ukjend forfattar med berre "Den gaadefulde" bak seg. Det var kanskje ein medvirkande grunn til at Hamsun seinare rosa landsmålsdiktaren Jens Tvedt, som kanskje kunne ha gjort ein større karriere i samtida om han hadde skrive romanane sine på riksmål. Arne Espeland fortel såleis at Jens Tvedt vart kalla inn til Gyldendal, der han vart fortald at forlaget ville gje bøkene hans ei aktiv marknadsføring om han berre ikkje skreiv på landsmål. «Då reiste Jens Tvedt seg frå stolen, knappa frakken, bukka stivt og gjekk rak i ryggen ut gjennom døra,» fortel Espeland. [2]

Tvedt debuterte i 1885 med novellesamlinga "Inn i fjordarne", året etter følgde "Skuggar og solglytt". Etter desse utgjevingane kom gjennombrotsboka "Nybrot" (1888) og "Vanheppa" (1891), som vert rekna som dei viktigaste bøkene frå denne perioden. Dei første bøkene gav han ut sjølv, "Vanheppa" kom ut på Mons Litlerés forlag.

Frå hundreårsskiftet gjekk Tvedt inn i ein fruktbar periode som forfattar, med romanar som "Madli und' apalen" (1900) og "Djup jord" (1904), hans einaste historiske roman med handlinga lagt til slutten av 1800-talet, og som vert rekna som eit av hovudverka hans. Dei fleste av forteljingane hans går føre seg i fjordlandskap på Vestlandet, ikkje ulikt det miljøet Tvedt sjølv opplevde i oppvoksteren. Personane i romanane hans er som oftast bønder eller av bondeætt, og handlinga kan som regel tidfestast til andre helvta av 1800-talet. Sjølv om forteljingane hans ikkje er så ulike Bjørnson sine bondeforteljingar, tilførte Tvedt sjangeren noko nytt. Ikkje minst teiknar han skarpe og realistiske bilete av personar frå underklassa i bondesamfunnet.

Tvedt prøvde seg også som dramatikar, men med mindre hell. Det faste temaet hans, at han heile tida skreiv om bygdesamfunnet, gjorde at han etter kvart byrja å gjenta seg sjølv og gjekk tom for stoff. Totalt skreiv han 25 bøker, og frå 1912 fekk han statens æresløn for forfattarar. Det har vore diskutert om diktinga hans skal kallast heimstaddikting, eller om forfattarskapen kan kallast realisme. Mot slutten av forfattarskapen vert bøkene prega av idyllar.

Byste av Jens Tvedt ved ungdomshuset i Omvikdalen. Foto: Jorunn Ripel

På 75-årsdagen vart han heidra av Stavanger kommune med ein byste, laga av Ståle Kyllingstad. Bysta er plassert utanfor biblioteket i byen, samstundes som ein kopi seinare vart sett opp i Kvinnherad.

Referansar

  1. Espeland, kapittel IX
  2. Referert i Espeland, s. 167

Verker, eit utval

  • Inn i fjordarne. Forteljingar, Stavanger 1885
  • Nybrot. Forteljing, Bergen 1888
  • Hamna-Tjonet. Forteljing, Bergen 1889
  • Vanheppa. Forteljing, Bergen 1891
  • Laurdagskveld til støls. Spelstykke, Bergen 1892
  • Godmenne. Forteljing, Bergen 1893
  • Madli und' apalen. Ei soga, 1900
  • Djup jord. Forteljing, 1904
  • Guds løn. Andre soga um Madli und' Apalen, 1906
  • Haavard Brittanius, 1908

Litteratur og kjelder

  • Norges litteraturhistorie, redigert av Edvard Beyer. Band 4. Gyldendal, 1975.
  • Norsk Biografisk Leksikon. Band 9. Kunnskapsforlaget, 2005.
  • Espeland, Arne: Jens Tvedt. Glimt frå vokstergrunnen og livet hans. Aschehoug, Oslo 1959.
  • Dahl, Willy: Norges litteratur, bind 2. Tid og tekst 1884-1935. Aschehoug, 1984.

Bakgrunnsstoff

Digitaliserte bøker av Jens Tvedt hos Nasjonalbiblioteket