Johan P. Tynes Trevare AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Johan P. Tynes Trevare AS var ein trevare- og laminatprodusent i Sykkylven. Bedrifta vart etablert av John Mjøen og Johan P. Tynes i 1931. Far til Johan Tynes, Petter, bygde eit arbeidshus i Rasmusgarden på Tjønes kring 1922. Her dreiv han med forskjellig snikkararbeid, til dømes dreiing. Han laga også vognhjul og skyssvogner på bestilling. Tynes bygde elles nokre færingar.

Det var i dette trebygget at Johan Tynes og John Mjøen kom i gang med trevarefabrikk. Første maskinene dei skaffa seg, var ei bandsag, ein retthøvel som også kunne brukast som dimensjonshøvel, og ei boremaskin. Motoren som dreiv maskinene, stod ved eine veggen. Frå den gjekk ein aksling langs veggen, og til akslingen gjekk det reimer som vart kopla til maskinene. Kunsten var å smette reima inn på drivhjulet medan motoren gjekk. Dei kunne ikkje stoppe ein maskin for å kople til ei anna. Det var sløsing med dyrebar tid.

I byrjinga laga verksemda heile stolar. Eit av dei første produkta til Tynes og Mjøen var ein bjørkestol som vart trekt i imitert skinn. Stolen hadde utskjeringar på toppen. Elles laga dei bord og senger.

Frå 1933 var verksemda underleverandør av treverk til lokale møbelfabrikkar. I fylgje styreprotokollen til Søkkelven og Omegns Privatbank var Lenestolfabrikken Solid A/S ein stor kunde.

Tynes og Mjøen Trevarefabrikk var ei av dei bedriftene i Sykkylven som tidlegast spesialiserte seg på underleveransar av treverk. Frå 1936 vart Johan Tynes eineeigar av verksemda. Johan P. Tynes Trevarefabrikk dreiv i relativt liten målestokk fram til seint i 1950-åra. I 1948 var det to tilsette ved Tynes-bedrifta, men i 1955 var talet på arbeidarar auka til seks, og i 1959 måtte det byggast ny fabrikk.

Produksjonen var for det meste stolgrindar og polerte stoltreverk. Hovudmålgruppa var framleis lokale møbelfabrikkar. I lag med nokre av desse gjekk Johan P. Tynes i 1959 inn i eit aksjeselskap som kjøpte ei avansert kopieringsmaskin som dreia leiner og bein etter modell. Kopieringsmaskina vart plassert i fabrikken på Tjønes. Denne maskina vart seld i 1972, og selskapet vart oppløyst. Året etter investerte bedrifta i den første laminatpressa med høgfrekvens. Pressa var ei av dei første i distriktet, og i 1976 kom presse nummer to inn i produksjonen.

I 1975 tok sønene til Johan P. Tynes, Peter og Paul, over bedriftsleiinga. Bedrifta vart same året omdanna til aksjeselskap og fekk namnet Johan P. Tynes Trevare A/S.

Ei ny utviding kom i 1978. Då hadde bedrifta i fem år vore produsent av laminatdelar. Det var etter at lamineringsmetoden slo igjennom at verksemda retteleg fekk vind i segla. Det vart investert i moderne utstyr for laminatproduksjon. Med denne maskina kunne dei presse laminat i ein operasjon. I 1979/80 kjøpte dei eit automatisk limblandingsutstyr og automatisk mating av limstrykarane. Det vart også investert i tank for lim. I 1985 vart det investert i den første pressa med sidepress, og i 1988 kom nummer to av same typen.

I 2003 tok Ekornes ASA over Johan P. Tynes Trevare. Ekornes var på dette tidspunktet den klart største avtakaren av J.P. Tynes sine produkt. Det viste seg raskt at anlegget til laminatprodusenten måtte utvidast kraftig for å kome i møtet trongen for laminerte delar hos Ekornes. Eit nytt fabrikkanlegg stod ferdig i 2009.

Kjelder