Johanna Smeland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dåpsteppe «Kristnateppe», skillbragd. Vove av Johanna Smeland etter ein gamal, sauma modell.
Åkle i 3-skaft krokbragd. Vove av Johanna Smeland etter eit 1800-tals teppe.

Johanna Smeland (fødd 14. oktober 1914 i Seljord, død 2007 i Seljord) var vevar, kurslærar og fagleg konsulent.

Far var Halvor Halvorsson Sundbø (1849-1930) frå Hòvet i Svartdal. Mor hennar, Anne Jonsdotter, (1876-1952) var frå Hjartsjø i Hjartdal. Ho var flink med handarbeid, og dette gav eit godt grunnlag for det som skulle bli utdanninga og livsverket til Johanna. Vevstolen hadde ein sentral plass i heimen. Johanna meinte sjølv at ho sat i veven alt som 6-7 åring. Då ho var sju år var ho utsett for ei ulukke, slik at ho fekk sett inn eit kunstig auge. Ein skulle tru at dette ville vore til hinder både for fargesans og nøyaktighet i arbeidet, men det kan ein ikkje spore når ein ser kvaliteten på arbeida hennar.

Utdanning og kompetanse

Som 20-åring gjekk ho i lære på Telemark husmorskule på Ulefoss (no Søve). Sidan var ho ein vinter på Kjeldals vevskule i Lunde. Eit opphald som ho såg tilbake på med glede. Ho meinte sjølv at ho hadde mykje å takke Else Kjeldal for. Ho flytte seinare til Oslo der ho i 1941 tok til ved Statens kvinnelige industriskole. Ho tenkte seg nok vidare på lærarskule, men arbeidsoppgåver venta heime i Flatdal, der ho blei gift, busette seg og stifta familie.

Frå nyttevev til husflid og kunsthandverk

Veven kom raskt på plass. Alle ledige stunder sat Johanna i veven. Det var sjølvsagt nyttevev det starta med: sengetøy, bolster gardiner, kjoletøy, handkle, alt ein familie kunne trenge. Det blei lange arbeidsdagar med fjosstell og husstell og husflid.

Det trengs både praktisk- og teoretisk kunnskap for å bli ein god vevar. Så fort trongen for nyttevev blei mindre, auka lysta til å utforske teknikkar og fargar. Johanna forstod tidleg at ho måtte skaffe seg kompetanse innan mønster, fargesamansetjingar, og utføring. Ho var på veg inn i ei verd der husflid blei til brukskunst og kunsthandverk. Ho var så flink at dei lokale kunstnarane såg henne, og tok ho med på råd når det gjaldt husflid og kunsthandverk til dei årlege sommar-utstillingane. Seljord kunstforening blei stifta i 1968, og Johanna blei etter kvart involvert her. På 70-talet deltok ho mest med skillbragd, Telemarksteppe, seinare tre- og fire-skafts krokbragd. Det siste året ho deltok var ho 87 år gamal og viste store krokbragdteppe.

Fagleg arbeid, opplæring og design

Det var gullalder for veving. Ryktet om Johanna Smeland sine flotte vevnader spredte seg, og mange ynskte å lære. Ho heldt kurs i ei årrekke i Hjartdal, Sauland, Svartdal og Seljord m.v. Sidan ho ikkje hadde sertifikat, måtte kursdeltakarene skiftast på å hente og bringe læraren til kursa.

I Seljord blei det etablert ein bedrift på slutten av 70-talet - Teleflid, seinare Seljord Vev og Garnsenter AS - som importerte vevstolar frå Finland. Dei selde og garn og anna vev- og handarbeidsutstyr. Johanna blei snart henta inn som fagansvarleg rådgjevar i bedrifta, noko som førde til god framgang for Teleflid. Dei fekk eigne oppslag med oppskriftar i vekebladet «Hjemmet», og dei gav ut eit eige blad « La skyttelen gå» Her fekk Johanna og andre lansere sine eigne vev-design, og bedrifta selde garnpakker.

Dyrskun i Seljord har lang tradisjon når det gjeld husflidsutstillingar. Johanna var ein sentral fagperson, og det var naturleg at ho blei involvert i dette arbeidet. Ho blei nytta som dommar i tekstilarbeid i 10 år, for å vere eksakt. Ho hadde særutstillingar der ved fleire høve 1987, 1992 og i Gongestogo i 2006. Johanna Smeland mottok Dyrskun's heiderspris for arbeidet sitt.

Kjelder

  • Kultur og historie. Årsskrift for Seljord sogelag 2018-2019. Anne Brit Borgen: Vevaren Johanna Smeland. ISSN 0805-31-38.
  • Flatin, Tov: Seljordsoga band 1 og 2. Seljord, 1942.
  • Flatdal skule: Gullmannen : Segn eller sanning. Elevoppgåve. Flatdal, 1991.
  • Vest-Telemark blad Nr. 115. Laurdag 9.oktober 2004.