Seljord kunstforening

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Plakat til ei av dei fyrste Sommarutstillingane på tidleg 70-tal
Foto: Utforma av kunstnaren Erlend Grøstad / Anne Brit Borgen, foto

Seljord kunstforening blei stifta september 1968 m.a etter initiativ frå Seljord husmorlag og lokale kunstnarar. Ein kan hevde at kunstforeininga førde vidare dei ideane som Norsk bygdekunstlag var tufta på – og som også hadde hatt eit lag i Seljord. Sommarutstillinga i Seljord trakk etter kvart eit stort publikum. Kunstforeninga fekk eigne lokaler i Kunstlåven, som blei godkjend som regionalt kulturhus. Laget fekk Seljord kommunes kulturpris i 2003.

Alt i 1951 skipa Seljord bygdekunstlag til ei stor utstilling med mange kjende kunstnarnamn. Aktive i dette laget var kunstnarparet Nanna Kiønig Holm og Ture Holm. Seinare var det Seljord husmorlag som i fleire år skipa til sommarutstillingar på Borgen – med kunst og handverk. Kunstnarane Erlend Grøstad og Terje Grøstad hadde kome til Nutheim i Flatdal tidleg på 50-talet. Saman med eldsjelene i husmorlaget stifta dei Seljord kunstforening hausten 1968, og den fyrste sommarutstillinga vart planlagd for oppsetjing i ungdomsskulen. Rektor på den tida var den kunst- og kulturinteresserte læraren Sigurd Telnes

Vedtektene for Seljord kunstforening slår fast at «laget skal arbeide for å ta vare på og auke interessa for god kunst og godt kunsthandverk, og freiste å fremja det beste i bygdekulturen ved: utstillingar, gode programopplegg som òg kan nyttast i skulane i kommunen, og å kjøpe inn kunst til Seljord kunstforenings faste samling.» I tråd med føremålsparagrafen for laget har Seljord kunstforening drive på eit breitt grunnlag og ikkje berre konsentrert seg om biletkunst.Seljord kunstforenings forlag er eitt av tiltaka. Andre tiltak var Rikskonsertene, Riksgalleriet, temautstillingar, prosjekter, kurs, turar i nærmiljøet og formidlingstiltak for skulen; kunstforeninga var tidleg ute med varierte kulturtilbod.

«Dei som starta Seljord kunstforening i 1968 hadde eit godt grunnlag å byggje på. Mange seljordingar var kunstinteresserte og kjende med biletkunst, sidan det gjennom tidene hadde budd mange kjende kunstnarar i bygda. Men sjølve grunnlaget for denne sansen for kunst hang truleg saman med skjønet for godt handverk, rosemåling, veving, treskurd, kubbestolar, skåp o.l., forutan alt slags handverk som gjeld tilverking av bunader for både kar og kvende. Og dette skjønet var og er sterkt i Seljord, hevdar mangeårig leiar Borgny Slettemoen Tøfte.

Kunst og formidling av kunst er ikkje ei verksemd som vanlegvis dominerer kulturlivet på norske bygder, og slik sett kan Seljord kunstforening sjå attende på eit aktivitetsnivå som – i alle fall i lange periodar – har lege langt over det ein kunne vente i ein kommune med tre tusen innbyggarar. Minst to generasjonar av unge og vaksne har gjennom denne verksemda kome i nærkontakt med kunst av aller ypparste merke: biletkunst, musikk, litteratur. Truleg har foreininga òg gjort sitt til å bygge bru mellom såkalla folkekunst og såkalla elitekunst, eller det mange like gjerne ville kalle bygdekunst og bykunst. Seljord kunstforening har henta byimpulsar til bygda, og sendt bygdeimpulsar til byane, for Sommarutstillinga har gjennom femti år blitt vitja like mykje av folk utanfrå Seljord som av seljordingar.


Leiarar i laget

  • Philipp Dommen 2018-
  • Jeanne Schoenwandt 2017-2018
  • Torhild Grøstad 2015-2016
  • Paul Sylwester Witczak 2014-2015
  • Katrine Kildal 2012-2014
  • Hilde Fjellheim 2011-2012
  • Borghild Telnes 2009-2010
  • Borgny Slettemoen Tøfte 2001-2008
  • Esbjørn Humelgård 1996-2000
  • Olav Kvalem 1995-1996
  • Peder Fjågesund 1994-1995
  • Kari Stokland 1993-1994
  • Kjell Oskar Selman 1987-1992
  • Trygve Barstad 1986-1987
  • Sigurd Telnes 1998-1985

Kjelde

  • EKKO Sommarutstillinga i Seljord. 50-års jubileum Seljord kunstforening 1986-2018 ISBN 978-82-990954-4-0

Ekstern lenke