Johannes Sveinson Gripne

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Sveinson Gripne (1798-1879) og kona Marta Madsdtr Presthus (1808-1870). Lokalhistorisk arkiv i Tysnes.

Johannes Sveinson Gripne (1798-1879) var kyrkjesongar og klokkar i Tysnes hovudsokn i åra 1832 til 1856, i tillegg til at han også virka som lærar. Så vart han gripen i underslag og frådømt stillinga «for falsk og for å ha for ødet hans betrodde penger». [1] Det var frå heradet si skule- og fattigkasse han stal. Det var elles også andre som fall i liknande utruskap på denne tida, så åleine om eit slikt lovbrot var han ikkje. [2] Men det innebar at det brått gjekk nedoverbakke med den sosiale statusen til familien, og økonomien.

I alle høve frå slutten av 1860-åra laut huslyden til den tidlegare kyrkjesongaren ha fattighjelp. Familien nytta gardsnamnet Gripne som slektsnamn. I husmannskontrakten til svigersonen i 1874 heitte det at Johannes Gripne skulle få bu på plasset - «til huse som Inderst». Kona Marta som kom frå Ølve var flink til å veva. Når hanane på Tysneset og i Bøneset i Tysnes gol til kvarandre, sette ein nabo ord på det: «Skule-Marto væveeee, » sa Tysneshanane. «Ja, ka adna sko ho vel gjeraaaaa,» svara hanen i Bøneset.

Etter lov frå 1827 skulle kvart sokn ha sin kyrkjesongar, medan det før hadde vore berre ein i heile prestegjeldet. Det var biskopen som skulle peika ut kyrkjesongarane, og i ombodet som hovudkyrkjesongar vart Gripne i 1832 tilsett som den biskopen fann best skikka. Det heitte om han at «han kan synge de almindeligste salmemelodier», og no vart han beden fara til Bergen og der ta litt skuleøving i «indbyrdes undervisnings­metode». Johannes S. Gripne hadde tidlegare vore skulehaldar i Uggdalseidet ei tid. Han vart ein lærar og kyrkjesongar av den gamle skulen, for det meste sjølvlærd. Det heiter frå prostevisitasen i 1840: «Af prestegjeldets 8 omgangsskolelærere aflagde de 5 prøve paa deres duelighed i at katechisere; heri savnede de dog, med undtagelse af hovedkirkesanger Johannes Gripne, der gjorde sin sager ret vel, den ønskede færdighed.» [3] Han samla bøker og hadde såleis ei lita boksamling, for det meste av gudeleg slag, og har vore merkt av den haugianske åndskveiken. Han skreiv også andelege viser og salmar, og ei av desse er enno til i form av eit lite prent frå 1847. [4] Då «fastskulen» på Gjerstad (Tysnes) vart oppretta, vart han den første skulemeisteren i den faste skulen. Han laut som sagt slutta både som kyrkjesongar og skulehaldar i 1856 for misleghald av fattig- og skulekassa..

Gripne var oldefar på morssida til forfattaren og historikaren Johannes Heggland.

Referansar

  1. Drange: Tysnes gards- og ættesoge band 3 s. 326
  2. Drange: Tysnes gards- og ættesoge band 3 s. 326
  3. Heggland: Tysnes - det gamle Njardarlog band 2 s. 439
  4. Heggland: Tysnes - det gamle Njardarlog band 2 s. 439

Litteratur og kjelder