John Jarnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
John Jarnes

John Jarnes (fødd 27. desember 1915, død 19. desember 2016) er ein tidlegare møbelfabrikant i Sykkylven. Han er fødd på garden Rongen, som son til Karl J. Jarnes. Karl dreiv gard og trevareproduksjon. Spesialiteten var produksjon av trapper. John vanka tidleg i verkstaden til faren, allereie frå 10-11-årsalderen var han med i produksjonen. Etter at han var konfirmert, arbeidde han for faren på heiltid. I 1936 vart han tilsett ved J.E. Ekornes Fjærfabrikk som den første i madrassproduksjonen. Jens E. Ekornes hadde to år tidlegare byrja å produsere metallfjører til møbelindustrien. Med slike fjører kunne ein også lage sengemadrasser. Dette vart starten på produksjonen av dei såkalla Svanemadrassene.

Under krigen var det ujamt med arbeid i industrien, men det var viktig å bidra med matproduksjon. Då vart det til at John Jarnes arbeidde på heimegarden att. Etter krigen utvikla dei familieverksemda vidare. John hadde røynsle frå møbelproduksjon og tok med seg den røynsla over i familiefirmaet. Han allierte seg med svogeren sin, Per Krokå, og då vart arbeidsdelinga slik at Krokå tok ansvaret for trappeavdelinga og John Jarnes for møbeldelen i det som frå 1947 fekk namnet Jarnes & Krokå Møbel- og Trevarefabrikk.

God trivsel

Den første tida heldt dei til i kjellaren i stovehuset på heimegarden, men lokala vart snart for tronge og ei tid leigde dei maskinplass hos J.E. Ekornes. I 1947 bygde dei eit fabrikkbygg i tre i Rongavika. I 1954 kom det første betongbygget i ei høgd, året etter vart det bygd ei høgd til. 1950-åra var ei god tid for Jarnes & Krokå. Det var god etterspurnad etter den typen møblar som dei laga. Bemanninga låg denne tida på kring ti tilsette. For John Jarnes og Per Krokå var det ikkje viktig å ekspandere og vekse seg store. I eit tidlegare intervju om oppstartåra har Jarnes fortalt: «Vi innsåg at vi måtte finne ei nisje for oss sjølve og late dei andre fabrikkane få styre med sitt. Vi hadde ikkje hatt sjansar til å konkurrere med dei store fabrikkane. Det vart lange dagar for oss som styrte verksemda. I gjennomsnitt 10-12 timar pr. dag. Helst måtte vi skaffe oss kalendrar utan raude tal. Og klokka måtte vi ikkje sjå på. Det hadde vi ikkje tid til heller.» Dei la vekt på å ha eit godt arbeidsmiljø og god kontakt med dei tilsette. Med relativt få tilsette måtte alle ta del i fleire arbeidsoppgåver, difor vart det ikkje så einsformig arbeid som det gjerne vert i større fabrikkar. Stor stabilitet i arbeidsstokken viser at det var god trivsel i verksemda. John Jarnes hadde mange roller i bedrifta. Han var med å utvikle nye modellar, han hadde det administrative ansvaret saman med kompanjongen, og han tok del i det praktiske arbeidet på fabrikken. Han og Per Krokå delte det slik at Jarnes tok seg av tapetseringsavdelinga, medan Krokå hadde ansvaret for snekkeriet. Jarnes var også ein del ute og marknadsførte møblane. Elles hadde dei agentar som dekte store delar av landet og faste kundar som selde møblane deira. Størstedelen av salet gjekk til Austlandet.

Ny bedrift

John Jarnes var med i leiinga for fabrikken fram til 1986 då ein ny generasjon tok over. Han braut ikkje over tvert, men følgde med korleis det gjekk. Han var alltid tidleg oppe om morgonen og det var han som tok oppgåva med å fyre opp i omnen i gryotta, slik at det vart varmt til dei andre kom på jobb. I 1995 vart det slutt for Jarnes & Krokå. Etter ein vanskeleg periode, måtte bedrifta melde oppbod. I ein alder av 79 år kjøpte John Jarnes konkursbuet av banken og starta eit personleg firma, John Jarnes. Året etter skifta bedrifta namn til Jarnes Møbler. Mellom dei som vart med vidare i den nye møbelbedrifta var sonen til John, Kjell Jarnes. Verksemda har teke med seg nokre av modellane til Jarnes & Krokå og held per 2016 til på Vikøyra i Sykkylven.

Skulebyggaren

John Jarnes hadde eit sterkt samfunnsengasjement. I yngre år var han mykje med i ungdomslaget i Jarnes-krinsen. Han hadde fleire roller i revy- og teateroppsetningar på ungdomshuset i heimekrinsen. I 1950-åra kom han med i det politiske arbeidet. Han sat fire år i kommunestyret og var også med i bygningsrådet. Som politikar var han særleg oppteken av skulespørsmål og i seks år var han leiar i skulestyret. På denne tida fekk dei opp nye skulebygg både på Aure, i Straumgjerde og på Ikornnes. I åra etter vart det nye skular både i Velledalen og i Hundeidvik.

Pensjonistleiaren

Etter at han pensjonerte seg kom han med i styret i Sykkylven Pensjonistlag og var med å gje laget eit oppsving. Han byrja som nestleiar i 1988 og endte opp som leiar i laget. Han sat til saman åtte år i pensjonistlagsstyret. Noko av det han synest var kjekkast i desse åra var alle turane pensjonistlaget arrangerte. Dei la opp til bussturar over heile landet for medlemene. John Jarnes var turleiar og la turane til rette, ordna med overnatting og synfaringar.

I samband med at John Jarnes fylte 100 år 27.12.2015 inviterte han og familien inn til ope hus i Sykkylven bu- og aktivitetssenter der han då budde.

Kjelder


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.