K.P. Tandstad Trevarefabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

K.P. Tandstad Trevarefabrikk var ein produsent av trevarer i Sykkylven. Verksemda vart starta av Karl P. Tandstad som tok over trevareverkstaden til Tandstad Lenestolfabrikk AS etter at denne gjekk konkurs i 1937. K.P. Tandstad kom i gang med delproduksjon av treverk for mellom andre Tandstad Stol- og Møbelfabrikk. Første tida heldt han til i verkstaden som broren Erling Tandstad hadde ført opp i 1930.

Ved sida av å lage stolgrindar spesialiserte Karl seg på utskorne lysekruner og lampettar. Han hadde to treskjerarar som var fulltidsengasjerte med dette. Elles produserte bedrifta dører og vindaugsrammer og «måla og umåla møblar etter ynskje», som det heitte i ein presentasjon av bedrifta i 1942. Madrassproduksjon var han og engasjert i like før og under krigen.

Arbeidsstokken ved K.P. Tandstad Trevarefabrikk var stabil frå starten til 1946. Knappe ti personar arbeidde i bedrifta. Sommaren 1946 brann fabrikkbygget på Tandstad ned til grunnen. Då fekk Karl frådelt ei tomt i Øggardsvika, og her sette han opp ny fabrikk.

Produksjonen var no i hovudsak stolgrindar, og K.P. Tandstad Trevarefabrikk var ein av dei heilt store i denne samanhengen i Sykkylven. Arbeidsstokken var på 12-15 personar då drifta var på det mest aktive tidleg i femtiåra. Så fekk verksemda økonomiske problem, og i 1958 vart ho nedlagd.

I lag med sonen, Martin, ominnreidde Karl fabrikken seinare til driftsbygning for gardsbruket.

Kjelde