K. Welle Konfeksjonsfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

K. Welle Konfeksjonsfabrikk var ein konfeksjonsprodusent i Sykkylven, etablert i 1924. Grunnleggaren, Karl Welle, vart fødd på Vik i 1896, og gjekk frå 1912-13 i skreddarlære hos Andreas Furseth. Han heldt fram i lære ved «Fix», ein konfeksjonsfabrikk i Ålesund. Vinteren 1916-17 gjennomførte Welle Otto Treiders Handelsskole i Kristiania. Etter det var han i fleire år på kontor i Ålesund.

I 1921 kom Karl Welle attende til Sykkylven, og byrja konfeksjonsverkstad på Vik saman med Johan Vik. På grunn av hussituasjonen valde han i 1924 å flytte til Stordal og etablere ny verksemd der. Kona hans, Helene, hadde ei ættegrein i Stordal. Det var tungvint å drive med konfeksjon i dei indre fjordstroka den gongen. Då Karl Welle kom til Stordal, var det ikkje elektrisk kraft der. Til å varme opp dampjarna som dei skulle presse kleda med, hadde dei to små kolomnar. I Stordal var Karl Welle engasjert med leigesaum, og medan han var der, etablerte han kontaktar som skulle fylgje han i mange år framover. Mellom desse var det ei forretning i Mandal og ei i Farsund.

Produksjonen til K. Welle Konfeksjonfabrikk var heile tida herrekonfeksjon. Slik var det også då han flytta attende til Sykkylven i 1927 og etablerte seg i øvste etasjen i bygget til Elias Vinje. I Vinje-huset vart plassen snart for liten, og Welle hadde allereie medan han var i Stordal fått lovnad om tomt til å bygge på i Sykkylven. I 1929 tok han til å føre opp trehuset i Aure sentrum som seinare gav plass til forretninga Welle Blomster og Gaver A/S i mange år. Tomt fekk han kjøpe av Søkkelven og Omegns Privatbank. Årsskiftet 1929/30 kunne dei nye lokala takast i bruk. Bemanninga auka då, og utover trettiåra var det opptil 25 tilsette ved bedrifta.

I 1932 fekk K. Welle Konfeksjonsfabrikk eit større tap då ein kune i Trondheim gjekk konkurs. Det resulterte i at verksemda måtte få ein underhandsakkord av kreditorane sine. I tillegg gjekk bror til Karl, Bernhard Welle, inn i selskapet med kapital. Verksemda endra frå 1932 namnet til A/S Brødrene Welle.

Under og etter krigen gjekk det attover med leigesaumen, og bedrifta vart gradvis nedbygd. I etterkrigsåra dreiv Welle ei stund i lag med Waldemar Stuen, før Stuen sjølv tok over i 1949. Stuen hadde det året fire tilsette. Han dreiv verksemda berre eit par år.

Kjelde