Kaffistova
Kaffistova (med variantar som Kaffestova, "Kaffestuggu" m.m.) er namnet på ei rekkje serveringsstader rundt om i landet. Dei fleste har vore eigd av lokalorganisasjonar i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag under nemninga lagsbruk. Sidan den første Kaffistova i Christiania vart opna i 1901 av Bondeungdomslaget i Oslo har dei vore kjent for billig og sunn norsk mat og som møtestader for bygdeungdom i byane. På det meste var det omkring 130 kaffistover i landet, fordelt på 90 stader.
Dei som er att i rørsla i 2021, er:
Galleri
Kaffistova Trondarnes annonserte i Haalogaland 10. juli 1913.
Annonse for Kaffistova på Gjøvik i avisa Velgeren, 14/3 1914.
Kaffistova Steinkjer annonserte i Ungskogen 16. september 1915.
Kaffestova Levanger annonserte i Nord-Trøndelag og Nordenfjeldsk Tidende 14.03.33.
- Kaffistova i Harstad.Foto: Gunnar Reppen (2008).