Kalvedalen 21 (Fedje gnr 168 bnr 357)
Kalvedalen 21 | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 168 |
Bnr: | 357 |
Adresse: | Kalvedalen 21 |
Kalvedalen 21 er ein bustadeigedom, no brukt som fritidseigedom, i Fedje kommune.
1. Dette er tomta med våningshuset til gnr 168 bnr 8, sjå nr 14 der. Den vart frådelt i 1986, skøyte 1989 til Adolf Karl Nesfossen f. 1917 Bergen d. 1992 (sjå Stormark gnr 172 bnr 20-1ea) g. 1945 m. Bergljot Bruvoll f. 1922 Bergen d. 2004, bustad Hundvin i Lindås (jf Lygrab. s 151). Karl var hemmeleg agent under krigen, sjå boka Mørket var min venn (1991) av Arnfinn Haga. Det vart reist ei minnestøtte på Hundvin i 2022.
Born: a. Åse Nesfossen f. 1947, bustad Kaland i Austrheim (jf Austrheimb. I s 192), seinare Hundvin, no Alver kommune. b. Unni Nesfossen f. 1952, bustad Hundvin og Kaland (jf Austrheimb. I s 195), seinare Bergen.
2. Hermund Lilletvedt f. 1947 Rikstad på Radøy d. 2000, tømrar, busett der (jf Radøyb. I s 480), fekk skøyte her i 1994 og nytta huset som fritidsbustad.
3. Kongelig Norsk Automobilklub avdeling Bergen fekk skøyte i 2001. Det er ein fritidseigedom, og vert utleigd.
Kalvedalen 21 (Fedje gnr 168 bnr 357) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Mulevegen 27 (Fedje gnr 168 bnr 341) • Neste bolk: Mulevegen 44 (Fedje gnr 168 bnr 398) |